Sektorleiar oppvekst, undervisning og kultur.
Org.nr.:864338712 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Om stillinga:
Som vår nye sektorleiar får du ei sentral rolle i å skapa gode oppvekstvilkår i Osterøy kommune. Sektoren har nyleg vore igjennom ei omorganisering og fått ny leiarstruktur. Sektoren er frå januar 2020 delt mellom 4 områder; skule, barnehage, familiens hus og kultur og mangfald som utgjer sektoren sin leiargruppe.
Sektorleiar er ein del av rådmannen sitt leiarteam og vil i det daglege leie sine einingsleiarar innanfor sektoren sine tenesteområder. Du vil aktivt delta i kommunen og leiarteamet sitt strategisk arbeid med å vidareutvikle kommunen. Du har eit sterkt engasjement for heile oppvekstsektoren, evner å tenke heilskapleg, strategisk og langsiktig og på tvers av sektorer. Du vil ha eit overordna ansvar for utarbeiding og oppfølging av fag- og temaplanane innan sektoren.
Vår nye sektorleiar er har eit sterkt engasjement for heile oppvekstområdet. Du er nyskjerrig og har eit eige driv for å skapa best mogeleg kvalitet innanfor tenesteområda og ser dette i ein overordna samanheng. Du er god på å skape tillit og gode samarbeidsrelasjoner og gjennomfører prosjekt og prosessar på ein innvolverande, effektiv og open måte. Du er i stand til å skapa felles engasjement og eigarskap til retning og målsetnader.
Saman med våre leiarar vil du syta for at kommunen gjev det beste oppveksttilbodet ut frå ressursane vi har til rådvelde og kan bidra til framtidsretta læring. Det er viktig at du er god på leiing, jobber proaktiv og ser moglegheiter og har teft for å finna løysingar.
Kvalifikasjonskrav:
- Relevant utdanning fra høgskule eller universitet minimum på bachelornivå.
- Erfaring frå offentleg forvaltning
- Ønskjeleg med vidareutdanning innan leiing
- Relevant leiarerfaring
- God digital kompetanse
Vi søker etter ein leiar:
- Som er ansvarsfull og kan fremstå som ein rollemodell.
- Har eit overordna og heilskapleg blikk.
- Har god forståing for samspelet mellom politikk og adminsitrasjon.
- Har tydeleg engasjement og evne til å påverke sektoren si utvikling.
- har gode leiareigenskapar og påvirkningskraft til å motivere tilsette og kan skape eit godt meistringsklima.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi kan tilby
- Interessante og krevande arbeidsoppgåver med mogeligheit for å påverke utviklinga av kommunen og våre tenester.
- Ein lærande organisasjon som er i endring og utvikling.
- Løn etter avtale og ekstra kompensasjonsdagar for meirarbeid.
- Gode forsikringsordningar og pensjonsordning i KLP
- Eit flott nærområde og mange flotte fjell - og naturopplevelser
- Moglegheit for å delta i rekrutteringsprosessane av to nye leiarar i ditt næraste leirarteam.
Annan informasjon
Administrasjonsmålet er nynorsk. Kommunen nyttar testverkty i rekrutteringsprosessen.
I samsvar med Offentligloven § 25 gjer vi oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkar vil bli varsla dersom unntak frå offentlighet ikkje blir innvilga.
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med rådmann Ingvild Kristi Hjelmtveit tlf. 988 90 718 eller HR-sjef Øystein Aadlaand tlf. 928 67 551. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: Osterøy kommune, Ingvild Kristi Hjelmtveit, Mobil +47 98890718, Epost: ingvild.kirsti.hjelmtveit@osteroy.kommune.no
Om bedriften
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna