2 Fastlegestillingar/ALIS med fastløn
Org. nr: - Stillingsident: 4373906157 Presentasjon av stillingen:
Arbeidsoppgåver
Bømlo kommune har ledig to 100% stillingar som allmennlege frå 01.01.22. Etter nærare avtale kan det vere aktuelt å tilby stilling og oppstart
før denne dato på mellombels vilkår.
Den eine stillinga er f.t. knytt til Bremnes legesenter med plass til seks legar. Den andre stillinga er f.t. knytt til to ulike legekontor der
fleire legar har teneste: nytt legekontor på Moster, der ein får plass til fire
legar, og Bømlo legekontor med plass til to legar.
Listetak ved oppstart: 700 pasientar. Ein må forventa å auke listetaket ved fullført
spesialisering etter nærare avtale.
Andre krav til stillingane;
- Kommunal oppgåver etter nærare avtale med inntil 7,5 timar pr veke.
- Pliktig deltaking i legevakt med omlag 3 vakter pr månad ved Sunnhordland interkommunale legevakt som er lokalisert i eige legevaktsbygg ved Stord sjukehus.
Kvalifikasjonar
Lege med norsk autorisasjon.
Spesialist i allmennmedisin eller har starta spesialisering i allmennmedisin.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
- Kan arbeida sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner og behersker godt norsk munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Politiattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetting.
Me tilbyr
Moglegheit for ALIS avtale. Kommunen vil avtale nærare med deg tilrettelegging og vilkår knytt til vidare spesialisering. Kommunen har avtale med Helse Fonna om teneste i spesialisthelsetenesta som del av spesialisering i allmennmedisin.
Moglegheit for overgang til privat drift.
For nærare opplysingar om Bømlo kommune og legetenesta: www.bømlo.kommune.no
Har du spørsmål, ta gjerne uforpliktande kontakt med leiar for legetenesta.
Kontaktinformasjon
Tove Britt Digernes, Leiar for legetenesta, 53 42 33 05, tove-britt.digernes@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 25
5430 Bremnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4373906157
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2021
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.