Psykisk helseteneste- vikariat i 60% stilling
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
Stillingstittel
Psykisk helseteneste- vikariat i 60% stilling
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Øystre Slidre kommune har ledig 60% vikariat i psykisk helseteneste i perioden 13.05.24-31.12.24, med moglegheit for forlenging.
Vi søkjer ein person som er genuint interessert i å jobbe med psykisk helse. Vi har relasjonsbasert tilnærming i samtalar individuelt, med familie og nettverk og i samarbeid med pårørande. Du må kunne kartlegge, vurdere og tilrettelegge for behandlingstiltak. Vi samarbeidar med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesten. Vi har kvar veke rettleiing med kommunepsykolog for Øvre Valdres . Det er krav om 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning.
Arbeidsoppgåver
Desse oppgåvene er aktuelle:
- Individuell behandling / samtaleterapi / tilrettelegge for grupper i form av t.d. kurs i mestring av depresjon
- Nettverksarbeid / familierettleiing / pårøranderettleiing
- Koordinator for ansvarsgrupper
- Rettleiing/behandling for meistring av sjukdom/nedsett funksjon, bidra til at brukarar kan meistre utfordringar i kvardagen
- Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging, herunder delta på kompetansehevande kurs
- Delta i psykososialt kriseteam ved behov
- Rettleie og undervise kolleger, studentar, brukarar og pårørande
- Sjølvstendig ansvar for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag
- Vidareutdanning og erfaring innan psykisk helse er positivt, men ikkje noko krav
- Krav om førarkort klasse B
- Det er krav om politiattest, helse og omsorgstenestelova § 5–4
Personlege eigenskapar
- Engasjert og ansvarsbevisst
- kunne jobbe sjølvstendig, men samtidig samarbeide med kolleger og samarbeidspartar
- God relasjonskompetanse
- Evne til å meistre krevjande arbeidssituasjonar
- Sjølvstendig ansvar for at jobben blir utført på ein god måte, og at faget blir utøvd etter yrkesetiske retningslinjer, etiske normer og gjeldande lovverk
- Personleg eignaheit blir tillagt vekt
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Eit godt arbeidsmiljø og fagleg utfordrande oppgåver
Kontaktinformasjon
Hanne Svendsen, Fagleiar psykisk helseteneste, 90514753Per Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, 92666185
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4806234962
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Søknadsfrist: 15.05.2024
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2639052
- Sist endret
16. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aa75f0fe648c488cac400b45cf5d7f79