Ledige stillingar frå og med barnehageåret 2024/25
Slidre kulturbarnehage, Vestre Slidre kommune
Viovegen 14, 2966 Slidre
Om jobben
Stillingstittel
Ledige faste stillingar frå og med barnehageåret 2024/2025
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Det visar seg at Vestre Slidre kommune er ei attraktiv kommune å bu i, så no går vi ei spanande tid i møte. Vi har pr. i dag to kommunale barnehagar og skal utvide med 36 plassar, som skal væra klare frå og med nytt barnehageår. Vi har difor ledig fleire faste heiltidsstillingar og jobbar for å knytte til oss nok og rett kompetanse. Vi ser fram til å sjå deg på søkarlista, du som synes dette ser spanande ut.
Frå og med barnehageåret 2024-2025 lyser vi ut etter:
- Barnehagelærarar
Vi oppmodar deg med utdanning som barnehagelærar/ barne- og ungdomsarbeidar til å søke. Vi oppmodar også deg som er under utdanning innan oppvekst, og/ eller har relevant kompetanse og praksis innan faget, til å sende oss ein søknad. Det kan også bli ledige stillingar ved eventuelle permisjonar og/ eller interne rokeringar i personalet.
Vi har ei erfaren og kompetent personalgruppe som gjennom god omsorg og tett foreldresamarbeid har som mål å gje kvart enkelt barn ein god dag – kvar dag!
Arbeidsoppgåver
- Dagleg omsorg for det enkelte barn og barnegruppa.
- Bidra til at barnehagen er ein trygg og god oppvekstarena.
- Bidra til utvikling av det psykososiale miljøet, samt lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
- Medansvar for at den pedagogiske verksemda blir drive i samsvar med overordna mål, lover og retningsliner for barnehageverksemda.
- Bidra til godt foreldre- og personalsamarbeid.
Kvalifikasjonar
- Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar. Anna relevant utdanning kan bli vurdert.
- Beherskar god kommunikasjon, munnleg og skriftleg. Krav til norskkunnskapar minimum A1 og gjerne B1. Må beherske PC som verktøy.
Personlege eigenskapar
- Er ein fleksibel, aktiv og fagleg engasjert vaksen med evne til å begeistre.
- Er genuint oppteken av barns beste, med fokus på tryggheit, omsorg og relasjonsskaping.
- Er påliteleg, positiv og har gode samarbeidsevner- og vilje.
- Har evne til refleksjon over – og utvikling av - eigen praksis, i lag med resten av fagmiljøet.
- Er kreativ og engasjert.
- Er glad i å væra i aktivitet og bidra til å bruke det pedagogiske uterommet.
- Det er fint om du interesserer deg for kunst og kultur.
- Politiattest må bli levert før oppstart.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein allsidig og spanande jobb!
- Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av
gjeldande lover, reglement og tariffavtalar - Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Kristin Bråten Tvenge, Styrar, 94803824Arbeidsstad
Viovegen 142966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4804387818
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 16.05.2024
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2639360
- Sist endret
17. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4ad1f3e8c6ef4faea02e613d7de53885