Dagleg leiar på Aufera AS
Aufera As
Idrettsvegen 1 A, 5936 Manger, Norge, Alver
Om jobben
Stillingstittel
Daglig leder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
📷
Har du lyst å bli den nye daglege leiaren i AUFERA?
Kven er vi?
Aufera er ei vekstbedrift med varige tilrettelagte arbeidsplassar. Det er eit aksjeselskap eigd av kommunane Austrheim, Fedje og Alver.
Me heldt til på Manger på Radøy i lyse og trivelege lokale som var tatt i bruk i 2021.
Gjennom fagleg kompetanse, kombinert med fokus på arbeidstakarane, tilbyr me tenester med god kvalitet som gir oss godt omdøme i lokalmiljøet.
Me arbeider i tråd med kravspesifikasjonane til NAV.
Bedrifta er samstundes profesjonell leverandør av varer og tenester til næringsliv, offentlege institusjonar og private. Me har tre avdelingar: Vaskeri, treavdeling og kjøkken. Vaskeriet har den største omsetninga.
Det er arbeidsrettleiar i kvar avdeling, og til saman utgjer det 6,25 årsverk inkludert dagleg leiar i 100% stilling. Verksemda er godkjent for 15 VTA --plassar. I tillegg har me for tida 2 KTA (kommunalt tilrettelagt arbeid) og elevar elevar frå vidaregåande skular.
Visjon og verdiar
Vår visjon er utvikling og vekst gjennom ein meiningsfull kvardag med tilpassa arbeidsoppgåver og auka meistringskjensle.
Me legg stor vekt trivsel og inkludering. Me aksepterer at me er ulike, er positive til kvarandre og støttar kvarandre når me møter utfordringar og skal prøva nye ting.
Stillingsbeskrivelse
Dagleg leiar vil ha det administrative, faglege og det økonomiske ansvaret for verksemda. Leiar rapporterer direkte til styret. Dagleg leiar vil leia ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, omfattande aktivitet og med eit marknadsorientert fokus. Me tilbyr ei stilling kor du får bruk for erfaring med verksemdsutvikling, dagleg drift og relasjonsbygging med samarbeidspartnarar, eigarar og tilsette.
Utdanning og krav til stillinga
Me søkjer etter ein person som har relevant utdanning, leiarerfaring og kompetanse innafor attføring, sosialfag/pedagogikk og økonomi. Du er ein positiv person med gode samarbeidsevner, er glad i menneske og har godt humør. Erfaring og personlege eigenskapar er viktig og vil vega tungt i val av ny leiar.
Løns- og arbeidsvilkår
Løn etter avtale. Gode pensjonsvilkår i KLP. Ved tilsetjing må det leggjast fram politiattest.
Søknadsfrist 9/4-2024
For meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar eller styreleiar. Søknaden skal stilast til styret i AUFERA og sendast til styreleiar.
Dagleg leiar: Kari Smith tlf : 93887141 e-post: kari@aufera.no
Styreleiar: Kirsti Gjetle Floen tlf: 90740438 e-post: kgfloen@gmail.com
Om bedriften
Attføringsbedrift
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2601066
- Sist endret
12. april 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
8fea533f-859e-430d-ad11-c4f63be30b08