Gruppeleiar for rekneskap i økonomiseksjonen
Om stillinga
Vil du vere med å bidra til god økonomiforvaltning ved Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO)? Vi har ledig ei fast stilling som gruppeleiar for rekneskap i økonomiseksjonen for snarleg tiltreding.
Økonomiforvaltninga ved fakultetet er samla i ein seksjon med 17 medarbeidarar. Seksjonen er ein del av fakultetsadministrasjonen og har ansvar for budsjettering, rapportering og økonomistyring, i tillegg til innkjøp, reiserekningar og rekneskapsføring. Seksjonen bistår leiing og tilsette med forvaltnings- og driftsoppgåver knytte til økonomifeltet, og har i tillegg eit nært samarbeid med den sentrale økonomiforvaltninga til universitetet.
Den ledige stillinga inngår i ei gruppe av dyktige medarbeidarar som har økonomiforvaltning innan både eksternfinansierte prosjekt og løyvingsbaserte aktivitetar som hovudoppgåve.
Vi søker deg som trivst med varierte og utfordrande oppgåver i eit hektisk, men triveleg arbeidsmiljø, og som kommuniserer godt både med økonomar og ikkje-økonomar. Du bør vere fortruleg med å arbeide både sjølvstendig og i team.
Digitalisering og overgang til nye systemplattformer krev erfaring med og interesse for systemløysingar knytt til økonomi og rekneskapsfeltet
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna
- Være fagleg leiar og teamleiar for rekneskapsgruppa (6 personar)
- Operativ rekneskapsføring i samband med periodeavslutning av rekneskapen
- Koordinere periodeavslutning av rekneskapen
- Handsaming av lønnsbilag
- Kontroll av reiserekningar
- Kontrollmatriser for rekneskap og lønn
- Utarbeide rutinar og jobbe aktivt med opplæring av medarbeidarar, men også i nokon grad kollegaer utanfor rekneskapsgruppa
- Generell sakshandsaming innan økonomi og kontrollfunksjonar
- Andre oppgåver kan bli pålagt ved behov
Kvalifikasjonskrav
- Relevant økonomifagleg utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis på masternivå, minimum tilsvarande bachelornivå. Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet
- Erfaring frå periodeavslutning av rekneskapar
- Særs god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
Ønskeleg kompetanse/erfaring
- Relevant erfaring frå liknande oppgåver
- Gjerne erfaring som controller/økonomiansvarlig
- God relasjonsbyggjar med eit kunde- og forretningsorientert fokus
- Ønske om kjennskap til Unit4 ERP-system (tidlegare Agresso), og gjerne òg andre datasystem som blir nytta. UiO nyttar for tida følgjande datasystem: ePhorte elektronisk arkiv, SAP HR-modul, Unit4 ERP økonomisystem (tatt i drift mai 2021), Tableau rapporteringsløysing, RT skjemahandtering m.fl.
- Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein føremon
- Nysgjerrig på systemløysingar for digitalisering av økonomifunksjonen
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Teamorientert med evne til å arbeide både i team og sjølvstendig
- Effektiv og systematisk
- Fleksibel og serviceinnstilt med stor arbeidskapasitet
- Evne til å handtere ulike arbeidsoppgåver samtidig
- Gode samarbeidsevner og godt humør
Vi tilbyr
- Løn som rådgjevar kode 1434 fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 574 700 og kr 637 900, avhengig av kompetanse
- Alternativt løn som seniorkonsulent kode 1363 fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 524 900 og kr 594 300, avhengig av kompetanse
- Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
- Trening i arbeidstida
- God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse
Søknaden skal innehalde
- Søknadsbrev
- CV
- Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)
Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.
Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktinformasjon
Seksjonssjef økonomi: Geir Sigvat Toft
For tekniske spørsmål vedrørende annonsen: Personalrådgjevar Anders Haave
Om bedriften
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.