Sommarjobb for 16- og 17-åringar
Luster kommune Sommarjobb for ungdom
Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
16
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Me søkjer kjekke ungdommar til 16 kommunale sommarjobbar for 16- og 17-åringar busett i Luster kommune.
Sommarjobbane vert fordelte på omsorgstenesta, sentralkjøkenet, teknisk drift, barnehagar og sfo, og varer i 4 veker.
På søknadsskjemaet kan du velge kva eining du vil søkje jobb hos.
Søkjarar kan bli innkalla til intervju.
Andre opplysningar:- Søkjarar må ha fylt 16 år innan 1.juni 2025. Ungdom som fyller 18 år før 01.08.2025 er ikkje aktuelle for sommarjobbar for 16- og 17-åringar
- Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Du finn lenkje til søknadsskjema øverst til høgre i annonsen
- Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2846909
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3456157_229551_nn