100% vikariat som merkantil ved Helse- og omsorgs
Ullensvang kommune Helse- og omsorg
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Dette er ei spanande stilling med moglegheit for å få innsikt i og kunnskap om mange ulike administrative oppgåver innan helse og omsorg. Me søkjer deg som har evne og lyst til å gjere ein innsats, og som raskt set deg inn i etablerte rutinar.
Vikariatet inngår i stab og støttefunksjonar under kommunalsjef i Helse og omsorg i Ullensvang kommune.
Denne gruppa har kontor på Bygdarbøen, der det er fleire merkantile medarbeidarar, tildelingskontor, demenskoordinator, kreftkoordinator og vikarbase.
Arbeidstid er 37,5 t/veke
Stillinga er eit 6 månaders vikariat som er ledig frå 01.10.24, med moglegheit for forlenging. Det er ønskeleg med snarleg oppstart.
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
Eigenbetaling/etteroppgjer
Fakturering
Utføre andre merkantile oppgåver retta mot Helse og omsorgstenesta
Kvalifikasjonar for stillinga:Fagutdanning innan kontor og administrasjonsfag
Gode ferdigheiter innan digitale system og tenester
Kjennskap til fagsystem innan helse og omsorg, samt sakshandsamingssystem er ønskeleg
Gode norskkunnskaper, minimum B2 skriftleg og muntleg
Sertifikat klasse B
Eigenskapar som vert vektlagt:
Gode evner til organisering og å skape struktur.
Evne til god kommunikasjon med brukarar og pårørande
Evne til samarbeid og til å arbeide sjølvstendig, målretta og
strukturert.
Søkjar må trivast med ein hektisk arbeidskvardag.
Personleg skikka
Fleksibel
Me tilbyr:
Løn etter hovudtariffavtalen
Spanande arbeidsoppgåver og utviklingsmoglegheiter
Godt arbeidsmiljø
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2753271
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3408113_189353_nn