Avdelingsleiar, Furuhaugane Omsorgssenter, avdeling B
Furuhaugane omsorgssenter er ein somatisk sjukeheim med 54 sengeplassar, fordelt mellom langtidsavdeling og korttidsavdeling. Langtidsavdelinga har 23 pasientrom og 1 palliativt rom. Korttidsavdelinga har 28 senger, der 12 er for langtid-, og 16 for korttidspasientar. Vi har i tillegg 2 hyblar i sokkeletasjen. Korttidsavdelinga har ansvar for rehabilitering-, vurdering- og avlastningsopphold, og ØHD senger (øyeblikkelig- hjelp- døgnplassar). Vi har også eige mottakskjøkken, samfunnskoordinator og musikkterapeut tilknytta huset.
Leiinga på Furuhaugane omsorgssenter består av tenesteleiar og 2 avdelingsleiarar. Vi søkjer deg som vil jobbe i vikariat, som avdelingsleiar på avdeling B, frå 01.08.24 til 17.08.25. Den som blir tilsett, vil få overlapping med nåværende avdelingsleder.
Arbeidsoppgåver
- Daglig fordeling av arbeid
- Arbeidsplan - bruk av cosdoc
- Innleie fråvær - bruk av RS
- Utarbeiding av årsturnus
- Deltakande i trepartssamarbeid
- Oppfølging av personale
- Oppfølging av avvik
- Ta faglege avgjerder i samarbeid med tilsette.
- Du får vere med på å vidareutvikle avdelingane og opprettholde eit godt og faglig miljø
Kvalifikasjonar
- 3 årig helsefagleg høgskule
- Praksis/erfaring som leiar er ingen ulempe, men ikkje noko absolutt krav.
- Du må ha god datakompetanse, og kunne tileigne deg bruk av våre fagsystem som er CosDoc og RS.
Personlege eigenskapar
- Er strukturert
- Tydelig og lojal
- Er ein god rollemodell og inspirerer andre til å bidra
- Gode samarbeidsegenskaper
- Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert
- Likar å ha ansvar og tek ansvar
Vi tilbyr
- Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer avdelinga
- Dagtid 5dg/veke
- Godt fagleg miljø med bl.a. internundervisning
- God pensjonsordning i KLP og konkurransedyktige lønsvilkår
Kontaktinformasjon
Siw Lambrechts0, Tenesteleiar Furuhaugane Omsorgssenter, 94883143, Siw.Lambrechts@kinn.kommune.noArbeidsstad
Jakob Sandevegen 36907 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4798666246
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 19.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.
Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.200 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1600 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.