Miljørettleiar/Miljøassistent
FLO - FLORA VGS, Vestland fylkeskommune
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljørettleiar/Miljøassistent
Oppstart
1. mars 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 520 ungdommar og vaksne. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Vi har eit ledig vikariat som miljørettleiar/miljøassistent for elever med særskilte behov. Søknadsfrist 24.11.2024
Arbeidsoppgåver
Vi søker etter ein person med pedagogisk eller helsefagleg bakgrunn til å jobbe på avdelinga vår for elevar med særskilt behov for individuell tilrettelegging. Som miljøassistent/miljørettleiar vil du få ansvar for å bidra i opplæringa for denne elevgruppa. Du vil vere sentral i arbeidet med planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar basert på dei individuelle planane til desse elevane.Kvalifikasjonar
Vi søker ein medarbeidar som· Har pedagogisk eller helsefagleg utdanning
· Gjerne har erfaring frå arbeid med menneske med særskilde behov
· Er motivert for å bidra til læring, inspirasjon og trivsel for denne elevgruppa
Personlege eigenskapar
Vi ønsker at du er· Medviten elevane sine ulike behov
· Roleg og stabil
· Merksam og «tett på» elevane
Vi tilbyr
Løn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Stillinga følgjer skuleåret til elevane og lærarane og utgjer samla 100% stilling.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Merk at alle stillingar ved skulen vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igangsett. Dette vert avklara før tilsetting.
Søknadsfrist 24.11.2024.
For meir informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar Ingunn Selås tlf 41530679
Kontaktinformasjon
Lars Anders Nybu, Rektor ( vikariat)Arbeidsstad
Professor Gjeldsviksv 226900 FLORØ
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4883782670
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2025
Sluttdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 24.11.2024
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2789613
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5796d5d64d9343d4abd08b02d371a4ad