Familieterapeut
Org. nr: - Stillingsident: 4271857331 Presentasjon av stillingen:
Klinikk for kvinner, barn og unge -- Avdeling for psykisk helsevern barn og unge -- Døgnseksjonen -- Familieeininga BUP Molde
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Molde, Kristiansund, Ålesund og Volda og Døgnseksjon PHUB i Ålesund og Molde (tidlegare UPS i Ålesund og Familieeininga i Molde)
Ved Familieeininga i Molde har vi ledig 100 % fast stilling som familieterapeut frå 01.10.20, eller med oppstart etter avtale.
Familieeininga ligg på Knausen-senteret i Molde og har planlagde familie-innleggingar. I Familieeininga arbeider eit tverrfagleg team som er sett saman av familieterapeutar, pedagog, overlege og psykologspesialist.
Vi mottek tilvisingar frå dei fire poliklinikkane i klinikken, og arbeider tett saman med desse. Familieeininga samarbeider med Knausen skole, som gjev opplæring til elevar som er inneliggande i eininga
Kopi av attestar og vitnemål må leggast fram ved eventuelt intervju.
Kvalifikasjonar
- 3-årig helse- og sosialfaglig utdanning
- 2-årig videreutdanning i familieterapi
- Erfaring frå arbeid med behandling av familier/familieterapi
- Å vere persoleg eigna for stillinga vil bli lagt vekt på ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Ha gode evner til tverrfagleg samarbeid
- Må trivast med å arbeide i team
- Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Eit utfordreande og engasjert fagmiljø
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Eit godt og positivt arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
Kontaktinformasjon
Kari Eidhammer, Assisterande seksjonsleiar, +47 71217621, Kari.Eidhammer@helse-mr.no
Arbeidsstad
Knausensenteret Nøisomhedvg. 12
6416 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4271857331
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal