Spennande leiarstilling for viktige transport- og forsyningstenester
Org. nr: - Stillingsident: 4435534059 Presentasjon av stillingen:
Helse Bergen HF har i sin strategi fire tema: Pasientperspektivet, medarbeidarane, prioritering og forsking-innovasjon-utdanning. Forbetringsarbeid skal vere ein del av arbeidskvardagen.
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 750 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Tenestene er organisert i 8 einingar.
Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har fornøyde medarbeidarar og brukarar. Planlegging og igangsetting av drift i nye bygg og i ta i bruk nye IKT-system vil vere viktige oppgåver i åra framover.
Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift med ca 130 medarbeidarar. Eininga har tre seksjonar; pasienttransport, forsyningstenester og avfallshandtering. Kvar eining har eigen seksjonsleiar.
Pasienttransport transporterer pasientar mellom avdelingar internt ved Haukeland universitetssjukehus, og mellom ulike institusjonar i Helse Bergen. Årleg utfører vi ca. 135 000 pasienttransportar ved sjukehuset. Forsyningstenesta sørger for at det til ei kvar tid er tilstrekkeleg med forbruksvarer på avdelingane. Hospitaldrift Transport har og ansvaret for avfallshandtering, drift av Miljøhallen og interne transporttenester.
Einingsleiar rapporterer til avdelingssjef i Hospitaldrift og vil vere ein del av leiargruppa i Hospitaldrift.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for at eininga leverer gode og effektive tenester
- Fag- og økonomiansvar for eininga
- Personalansvar for seksjonsleiarane og stab
- Oppretthalde og vidareutvikle eit godt samarbeid med andre avdelingar
- Bidra til godt teamarbeid og samhandling
- Ha medansvar for å bidra til at føretaket når sine mål
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning gjerne innan logistikk, helst masternivå
- Leiarerfaring, gjerne frå større organisasjonar
- Forståing for leiarskap i ein stor og kompleks kompetanseorganisasjon
- Erfaring frå endrings- og forbetringsprosessar
- Erfaring frå partssamarbeid
- Gode evner til saksførebuing og god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Education Level
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Personlege eigenskapar
- Evne til å gjere andre gode, er engasjert og engasjerer andre
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Motivasjon for forbetringsarbeid og endringsprosessar
- Heilskapstenkande og handlekraftig
- Evne til å arbeide systematisk og målretta
- Har fokus på å skape og vidareutvikle eit godt og lærande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Leiar av ei etterspurt og viktig teneste i føretaket
- Engasjerte medarbeidarar
- Spennande byggeprosjekt og driftsomleggingar
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter avtale
- Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
- Bedriftsidrettslag
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Contacts
Kari Riis, Avdelingssjef, 90156400
Location
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Apply for position:Click here
Key information:
Employer:Helse Bergen
Reference number:4435534059
Percentage of full-time: 100%
Fast
Application deadline: 24.10.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.