Rektor Sæbø skule
Er du interessert i ei spennande og utfordrande leiarstilling?
Ved Sæbø skule har vi ledig stilling som rektor frå 1.8.2024. Stillinga er plassert i kommunalområde Oppvekst, kultur og inkludering.
Skulen er ein 1-10 skule med om lag 90 elevar og 15 tilsette inneverande skuleår. Administrasjonsressursen ved skulen er for tida 150 % fordelt på rektor, assisterande rektor og merkantil ressurs. Skulen er ein av i alt sju kommunale grunnskular i Ørsta kommune.
Arbeidsoppgåver
Ørstaskulen sine overordna mål er:
- Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
- Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling.
I Ørstaskulen har vi langsiktig, heilskapleg satsing på å betre læringa til elevane, m.a. gjennom særleg fokus på lesing og læringsstrategiar i alle fag, å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø og ha fokus på relasjonskompetanse, fysisk og psykisk helse. Alle lærarar deltek i lærande nettverk på eigen skule og mellom skulane i kommunen.
Rektorane deltek i nettverksarbeid på skuleleiarnivå gjennom skuleleiarmøta i kommunen og leiarsamlingar i Sjustjerna. Ørstaskulen satsar også sterkt på digital kompetanse som grunnleggande ferdigheit med Chromebooks og Google Workspace for Education Plus som hovudverkty.
Arbeidsoppgåver
Tenesteleiar har eit sjølvstendig ansvar for budsjett, personal og fagtilbod i si eining slik som mellom anna:
- Leiing og administrasjon
- Rapportering og strategisk utvikling
- Planlegging og koordinering av dagleg drift
- Personalansvar med oppfølging av tilsette og tilrettelegging i samsvar med kommunens HMT-planar
Det vil ligge undervisningsoppgåver til stillinga.
Ørsta kommune vil i tida som kjem arbeide aktivt med å skape ein heiltidskultur i organisasjonen. Som leiar vil du verte ein viktig medspelar i dette arbeidet. Du vil også ta del i kommunen og Sjustjerna sine leiarutviklingsprosessar, og få innføring og opplæring i medarbeidarundersøkinga 10-faktor. Meistringsorientert leiing og kompetansemobilisering er også stikkord som er knytt til dei forventingane som vil verte stilte til deg som leiar. Kommunen nyttar leiaravtale og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein rektor som har:
- pedagogisk utdanning og praksis frå grunnskulen
- har formell utdanning og erfaring innan leiing. Ved manglande formell leiarkompetanse blir det sett vilkår om relevant vidareutdanning.
Personlege eigenskapar
- gode leiar- og samarbeidsevner
- engasjert og har evne til å inspirere andre
- systematisk og har føresetnader for god ressurs- og økonomistyring
- god digital kompetanse og evne og vilje til å setje seg inn i kommunen sine system
- evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
- utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode evner til omstilling og til å leie pedagogisk utviklingsarbeid
- kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, også gruppeintervju kan vere aktuelt. Referansar vert nytta.
Vi tilbyr
Vi kan tilby utviklingsorienterte, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i Ørstaskulen. Gjennom skuleleiarmøte ønskjer kommunen å følgje opp leiarane sine og legge til rette for fellesskap, læring og støtte til skuleleiaroppgåva.
Gode pensjonsordningar i SPK for skuleleiarar og gode forsikringsordningar i KLP for alle tilsette i Ørsta kommune.
Stillinga er plassert i HTV kap. 3.4.2 Stillingskode 9951 - rektor
Løn etter avtale.
Arbeidsvilkår: jf. HTA §6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Tenesteleiar må vere budd på at arbeidsoppgåvene kan endre seg som følgje av organisatoriske endringar.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25 kan søkjaren sjølv be om at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, men må grunngje dette i søknaden. Søkjaren sine behov vil verte vurderte konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Kari Flø, Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering, +47 47 63 90 76, kari.flo@orsta.kommune.noArbeidsstad
Skuleplassen 76165 Sæbø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4777871052
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap