Tannhelsesekretær - fast stilling
Fyllingsdalen klinikkområde, Sælen tannklinikk
Krokatjønnveien 15, 5147 Fyllingsdalen
Om jobben
Stillingstittel
Tannhelsesekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har ledig fast 100% stilling som tannhelsesekretær ved Fyllingsdalen klinikkområde. Stillinga er ledig omgåande.
Tenestestad er for tida Sælen tannklinikk, som er ein velutstyrt, travel og triveleg klinikk.
Sælen tannklinikk har 6 behandlingsrom, og ligg like ved Spelhaugen. På klinikken jobbar det 4 tannlegar, 2 tannpleiarar og 4 tannhelsesekretærar
Vi behandlar i hovudsak prioriterte gruppar av pasientar.
Arbeidsoppgåver
• Klinisk assistanse ved tannbehandling
• Røntgentaking
• Oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
• Reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
• Kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis
• Ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
• Bidra i arbeidet med å innfri tannhelsetenesta sitt samfunnsoppdrag og nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
• Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken
Andre oppgåver kan leggast til stillinga
Kvalifikasjonar
• Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannhelsesekretær• Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
• Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
• Det er ønskjeleg med tidlegare klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste
• Det er ønskjeleg med erfaring i bruk av Opus
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
• Har evne til å jobbe sjølvstendig og til å ta initiativ
• Er samvitsfull og har god gjennomføringsevne
• Er positiv og serviceinnstilt
• Har gode kommunikasjonsevner
• Har gode samarbeidsevner
• Jobbar systematisk og strukturert
• Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
• Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkar er personleg eigna til stillinga
Vi tilbyr
• Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
• Løn etter gjeldande tariff
• Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar som søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Thanh Huong Truong, klinikkleiar , 55 17 63 30Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen, områdeleiar tannhelse, 92887298
Arbeidsstad
Krokatjønnveien 155147 Fyllingsdalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4850437269
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2024
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2726337
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3254007e9f744cad91dc713b7d13ae31