Brannkonstabel - 2,42% fast - Knarvik stasjon
Alver kommune
Knarvik Brannstasjon, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brannkonstabel/røykdykkar - 2,42% fast Knarvik stasjon - NHBR
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. januar
Om stillinga
Me har ledig ein faste stilling som brannkonstabel/røykdykkar tilknytt Knarvik stasjon.
Dette er ei stilling med vakt kvar femte veke. Ein har då vakt frå kl 15:30 til 08:00 kvardagar og frå kl 15:30 fredag til kl 08:00 måndag + heilagdagar
Arbeidsoppgåver
- Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, med fast vakt kvar 5. veke
- Operative oppgåver/utrykkingar
- Plikter å delta på øvingar og kurs
- Vedlikehald av bilar og operativt utstyr
- Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga
Kompetansekrav
Krav til stillinga;- Fullført og bestått aspirantkurs
- Bestått fysisk test i samsvar med forskrift (årleg krav)
- Godkjent helsekontroll
- Politiattest (plettfri vandel)
- Bustad maks 10 minutt frå tilknytt stasjon/depot
- Fysisk og psykisk skikka til stillinga
- Førarkort klasse B
- Mestre norsk munnleg og skriftleg
Kandidatar med lengre avstand til stasjonen/depotet kan bli vurdert der det er moglegheit for intern rokkering av ressursar.
Ønska kompetanse;- Grunnutdanning som brannkonstabel ved Norges Brannskole
- Annan brannrelatert utdanning
- Førarkort klasse C
- Førarkort klasse E
- E-160 kompetansebevis for utrykkings køyring
- Båtførar sertifikat
Våre forventningar til deg
- Vi ser etter deg som er pålitelig og har god rolleforståing
- Du opptrer roleg i stressande situasjonar og har godevne til å prioritere
- Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkande lagspelar
Personlege eigenskap vert vektlagt.
Me tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsplass med samfunnsviktig funksjon
- Lønn- og tilsetjngsforhold etter lov- og avtaleverk
- Tilsett kan også bli nytta i andre funksjonar (under føresetnad av nødvendig kompetanse/opplæring)
Kontaktperson for stillingen
Gunn-Torhild Ramslien
Avdelingsleiar operativ avdeling NHBR
45440323
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted