Tilkallingsvikar i barnehage/skule
Sør-Fron kommune
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar i barnehage/skole
Type ansettelse
Vikariat, deltid 1%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. desember
Dette er ei fellesannonse der du som ønskjer å vere tilkallingsvikar i barnehagane og skulane i Sør-
Fron kan melde di interesse. Sør-Fron kommune har 2 barnehagar og 3 grunnskuler: Harpefoss barnehage, Liene barnehage, Midtbygda skule, Harpefoss skule og Sør-Fron ungdomsskule.
Vi ber om at du oppgir i søknaden om du ønskjer skule, barnehage eller begge deler, da dette har betydning for kva for politiattest som må leveres.
Søknadane blir behandla løpande.
Dersom din søknad er av interesse vil du bli kontakta for samtale.
Arbeidsoppgåver
Tilkallingsvikar i barnehagane og skulane i Sør-Fron.
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg at søkjarar har relevant erfaring og interesse for arbeid med barn og unge.
Politiattest av nyare dato er eit krav for stillingane.
Personlege eigenskapar
Personleg eignaheit, fleksibilitet og gode samarbeidsevner vil bli vektlagt.
Kontaktinformasjon
Mette Gjefsen, Styrer Liene barnehage, 97 71 94 41, mette.gjefsen@sor-fron.kommune.noLiv Randi Sundhagen, Styrer Harpefoss barnehage, 48124885, liv.randi.sundhagen@sor-fron.kommune.no
Monika Laengen Solberg, Rektor Harpefoss skule, 45618238, monika.solberg@sor-fron.kommune.no
Anne Rannveig Almehagen, Rektor Midtbygda skule, 48092032, anne.almehagen@sor-fron.kommune.no
Gunhild Haave, Rektor Sør-Fron ungdomsskule, 99269998, gunhild.haave@sor-fron.kommune.no
Arbeidssted
Kommunevegen 12647 SØR-FRON
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sør-Fron kommuneReferansenr.: 4748905765
Stillingsprosent: 1%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sør-Fron kommune ligg midt i Gudbrandsdalen og har om lag 3.100 innbyggjarar. Kommunen sitt næringsliv er i hovudsak jord- og skogbruk, reiseliv og offentlege tenester. I kommunen er det to barneskular, ein ungdomsskole, ein leirskole og to barnehagar. E6 går tvers gjennom bygda.
Eit unikt kulturlandskap i dalsidene er bygda sitt særpreg, men ”dalernes blomme” har meir å bjo på! Sør-Fron er langstrekt og breier seg ut på båe sider av Laugen. Her er det store fjellområde med svært gode moglegheiter for jakt-, fiske- og naturopplevingar. I kvar sin ende av kommunen ligg nasjonalparkane Rondane og Langsua med urørt natur.
I Sør-Fron kan du besøke Hundorp, Dale-Gudbrands gard, der Heilag-Olav kristna dølane i 1021 og gå Pilegrimsleia gjennom eit av landets mest særskilte kulturlandskap. Etterpå kan du lade batteria i Fron badeland, eller besøke den åttekanta Sør-Fron kyrkje – Gudbrandsdalsdomen frå 1792. Du kan få gode kultur- og matopplevingar på kulturgardane våre, overnatte i trolske omgivnader i Elgtårnet i Espedalen eller på fjellhotella våre. Elles kan du legge skituren til Gålå om vinteren eller sjå Ibsens «Peer Gynt» ved Gålåvatnet om sommaren.
Velkome åt Sør-Fron!
Sør-Fron kommune ønsker ikkje å bli kontakta av annonseselgarar.
Namn, adresse, alder og stilling på søkjarar blir offentleggjort etter søknadsfristens utløp ihht. offentleglova. Søkjarar som ønskjer konfidensiell behandling, må grunngje dette spesielt i søknaden.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2523391
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8ca22237838741b5b5708a9f3484af77