Seksjonsleiar
KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Kan du tenkje deg å bli med på leiarlaget i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering, og dermed bli ein viktig bidragsytar til å skape framtidas helsetenester innan fysikalsk medisin og rehabilitering? Du vil vere del av leiargruppa på klinikknivå som har høge ambisjonar om å ha meirverdi for organisasjonen, meriverdi for eiga leiargruppe, og meirverdi for kvar enkelt gruppemedlem. Vi fremjar trygge relasjonar som fremjar gruppa si fungering.
Vi søkjer deg som er engasjert, nytenkjande og som evner å motivere dine tilsette og er ein tydeleg og samlande leiar. Gode evner til å samarbeide i team og på tvers av faggrupper er viktige i denne jobben. Du må trivast i eit hektisk miljø der fleksibilitet er ein sjølvsagd del av kvardagen.
Du må like å jobbe målretta og strategisk for å skape resultat saman med dine medarbeidarar og samarbeidspartnarar.
Seksjonsleiarstillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som høyrer til Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 24 senger + 4 senger på pasienthotellet. Pasientgruppene som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/ eller kognitive funksjonsnedsettingar som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjoner.
Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til desse pasientgruppene. Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inkludert HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett arbeid i tverrfaglege team både på sengepost og poliklinikk.
Om oss: Helse Møre og Romsdal ønskjer at våre tilsette skal gjenspegle befolkninga sitt mangfold. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uansett kjønn, alder, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing og seksuell orientering. Det same gjeld dersom du har hatt opphald i arbeidslivet.
Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsleiar har ansvar for å planleggje og vidareutvikle organisering og drift i henhold til gjeldande lover, forskrifter, avtaler og styringsdokument
- Leiarransvar for fag, personal og økonomi i eigen seksjon
- Kontinuerleg arbeid med kvalitetsforbetring og pasientsikkerheit
- Ansvar for strategisk utviklingsarbeid i tråd med klinikkens og helseforetakets mål, herunder bidra og stimulere til kvalitetsutvikling og forskningsaktivitet
- Bidra til måloppnåing og god samhandling med alle relevante samarbeidspartnarar internt og eksternt
- Drift og optimal utnytting av kompetanse og ressurser på tvers av einingane og faggruppene i seksjonen
- Ansvar for god og samhandlande personalleiing
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg bakgrunn, spesialist innanfor relevant fagområde, mastergrad, bachelor
- Relevant erfaring frå rehabiliteringsfagfeltet i spesialisthelsetenesta og/eller kommunehelsetenesta
- Leiaerutdanning og/eller tidlegare relevant erfaring som leiar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du har gode leiareigenskapar
- Du har god organisasjonsforståing med evne til å sjå og tenkje heilskapleg
- Du har ein inkluderande og samhandlande leiarstil
- Du er ansvarsbevisst og endringsvillig
- Du er løysingsorientert og nytenkjande
- Du er strukturert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du bidrar til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte team
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Tett samarbeide med andre faggrupper
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Sosiale aktivitetar med blant anna felles treningsgruppe som har treningar ein gong i veka om sommaren. Felles fjellturar i våre fine omgjevnader er også ein populær aktivitet.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Siri Beate Talseth-Frilund, Klinikksjef, +47 95023070Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4882012013
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.11.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2787189
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f090db2c3a9c4c44a8ab5c9bb11536af