Campingvert til Gryta camping
Gryta camping
Oldedalsvegen 1272, 6788 Olden, Vestland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Resepsjonist
Oppstart
15. juni 2025
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest lørdag 1. mars
Send søknad til
Vi søkjer etter utadvendt, løysningsorientert og serviceinnstilt campingvert til vår campingplass. Til tider høgt tempo, og mykje kjekt som skjer.
Resepsjonsarbeidet består av å steiker vi brød morgonen, sjekke inn og ut kjekke turistar, ta imot booking av hytter, hjelpe til med gode turforslag, og å ordne det som oppstår iløpet av ein feriedag for turistane. Reinhald og ettersyn av anlegget er også ein del av jobben.
Jobben kan vere både heiltid eller deltid, og det er i hovudsak frå 15. juni til 15./ 20. august vi treng ekstra folk, men vi er fleksible på tidspunkt for start og slutt. Fellesferien er den mest hektiske perioden. Vaktliste blir sett opp kvar veke. Lønn etter tariff. Vi kan ved behov skaffe bustad til dei ansatte. Sommarjobb i Oldedalen er ein ypperleg sjanse for flotte fjellturar i fritida - midt i kjernen av populære turistmål i Nordfjord.
Gode språkkunnskapar og kommunikasjonsevner er viktig - og alltid med eit smil :)
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gryta camping er ein campingplass i Oldedalen som er open i sommarhalvåret, og vi har ein god mix av norske og utanlandske gjester. Mange turistar legg ferien sin hit for å nyte norsk natur og besøke både brear og fjelltoppar. Den kjende Briksdalsbreen er berre 10km frå campingen, og Loen Skylift og Hoven er også berre ein svipptur frå Gryta camping.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2835739
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
8ec664e0-be2c-4f54-b572-8568891c0186