Helsesekretær/Sekretær
Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/Sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har ved seksjon Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund ledig ei fast 100% stilling!
Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yt helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus. Tilsette i seksjonen er sett saman av spesialsjukepleiarar, klinisk sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene.
Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar.
Arbeidsoppgåver
- Administrere ventelister
- Pasientadministrative oppgåver: koordinering, elektronisk handtering av post, dokumentasjonsarbeid, henvisningar, ventelister, timeoppsett og telefonarbeid/sentralbord
- Registrering i vårt datasystem Helseplattformen
- Ordinert sekretærarbeid, samarbeid med sekretærane i poliklinikken
Kvalifikasjonar
- Helsesekretær/sekretær, eller innehar annan relevant helsefagleg utdanning/erfaring
- Gode datakunnskapar
- God framstillingsevner, - både muntleg og skriftleg er nødvendig
- Det er ein fordel at du har kjennskap til Helseplattformen
- Vi forutset at søkjar meistrar norsk/skandinavisk språk både skriftlig og muntlig
Personlege eigenskapar
- Du har god serviceinnstilling til kollegaer, pasientar og pårørande
- Du er fleksibel og håndterer variasjon i arbeidsmengde og arbeidsoppgaver
- Du er strukturert, nøyaktig og har god orden
- Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilseting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Ingvill Hareide Rødal, Seksjonsleiar, Ingvill.Hareide.Rodal@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4815151716
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.05.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2653862
- Sist endret
31. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6187c6a98af145fca49f901190ddffb6