Rådgjevar Miljøløftet
Statens vegvesen
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar Miljøløftet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Vi treng ein medarbeidar med naturleg interesse for tal og analyse. Du har god forståing for offentleg forvaltning generelt og økonomiske verkemiddel spesielt. Om du i tillegg liker og er god på å framstille informasjon på en lettfatteleg måte for publikum, kan du vere den rette for oss!
Stillinga inngår i Miljøløftets sekretariat og er knytt til Statens vegvesen, men sekretariatet er ein uavhengig part i partnarskapen. Sekretariatsleiar rapporterer til styringsgruppa for Miljøløftet.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
- Bidra i arbeidet med handlingsprogram, og periodiske rapportar
- Bidra i saksførebuing, gjennomføring av og oppfølging etter møte på ulike nivå i Miljøløftet
- Medverke i utvikling og oppfølging av porteføljestyring, basert på mellom anna mål- og resultatstyring
- Samle inn, framstille, analysere og visualisere ulike typar data
- Følge opp og bidra til vidareutvikling av Miljøløftet sine rapporteringsrutinar på økonomi og måloppnåing
- Presentasjon av saker i formelle fora
- Oppdatere og publisere på Miljøløftet sine nettsider
- Utvikle og iverksette kampanjar knytt til arrangement og haldningsskapande arbeid
Kvalifikasjonar
Du må ha:- Relevant høgare utdanning, master eller tilsvarande. Relevant utdanning kan eksempelvis vere innan økonomi, administrasjon, samfunnsøkonomi, planlegging. Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant praksis og gode personlege føresetnader for stillinga
- Det er naudsynt med erfaring med vanlege digitale verktøy, analyse og god kunnskap i Excel
- Gode norskkunnskapar, og god skriftleg og munnleg framstillingsevne, spesielt evne til å skrive gode saksgrunnlag (både nynorsk og bokmål)
Det er ønskjeleg med:
- kjennskap til og innsikt i politiske prosessar og offentleg forvaltning
- Økonomi i fagkretsen og erfaring frå å leie og gjennomføre prosessar
- Erfaring og kjennskap til transportfaglege oppgåver
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Personlege eigenskaparI samspel med kvalifikasjonar vektlegg vi eigenskapar, haldningar og motivasjon. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. For å trivast og lykkast i denne stillinga er du:
- Engasjert og har gode samarbeidsevner
- Sjølvstendig og handlekraftig, og som tek initiativ og ansvar for å utvikle oppgåver
- Ein som trivst i eit dynamisk miljø med mange samarbeidspartar
- I stand til å analysere komplekse problemstillingar og å sjå løysingar
- Taklar tidvis høgt arbeidstempo og korte fristar
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Miljøløftet blir du del av eit engasjert sekretariat som tenker nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du får følge prosessar både administrativt og politisk og får ein spennande arbeidskvardag tett på fleire forvaltningsnivå. Du bidreg til å påverke samfunnsutviklinga, og til å utvikle framtidsretta løysingar. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønsker å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Vi tilbyr• Utfordrande og samfunnsnyttige oppgåver med nærleik til politiske avgjersler
• Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Ein spennande arbeidskvardag med god balanse mellom arbeid og fritid
- Arbeidsplass sentralt i Bergen med moglegheit for fjernarbeid/ heimekontorløysingar
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for å avspasere
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Løna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken i Statens vegvesen
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandlingStatens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentlegDersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Om bedriften
Miljøløftet er eit felles namn for byvekstavtalen for Bergensområdet og bompengepakka i Bergen. Gjennom byvekstavtalen er det inngått eit forpliktande samarbeid mellom stat, fylke og kommunane Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden. Saman jobbar partane i Miljøløftet for nullvekst i persontransport med bil.
Veksten i persontransport i Bergensområdet skal skje ved at folk reiser kollektivt, syklar og går. Sekretariatet er bindeledd mellom partane og arbeider på vegne av alle ni. Les meir på www.miljøløftet.no
Sektor
Offentlig