Helsefagarbeidar
Vi har ledig fast 100 % stilling for helsefagarbeidar og søker deg som er engasjert og fleksibel i jobben.
Ved tilsetting kan andre stillingsstørrelser bli ledige.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av brukarar
- Samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartar
- Ansvar for planlegging, utføring og evaluering av faglige tiltak
- Bidra til faglig utvikling av tenesta
- Medikament handtering
- 3 – delt turnus, arbeid kvar tredje helg
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Ønskeleg med relevant arbeidserfaring
- Politiattest av nyare dato må framleggas ved tilsetting
- Den som tilsettast må beherske eit skandinavisk språk godt, både munnleg og skriftlig
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er tilstade for at brukarane skal få ein meiningsfull kvardag
- Du er utadvendt, løysningsorientert og har gode samarbeidsevnar
- Du er strukturert og ryddig
- Du er fleksibel og likar utfordringar
- Du er sjølvstendig og tek initiativ
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du er positiv og har godt humør
- Personleg egnethet vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn iht tariff
- Eit spennande fagleg miljø i utvikling
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Vakker natur og gode kultur- og fritidstilbod
- Barnehage og SFO med vekt på friluftsliv og aktivitet, og full kulturskuledekning
- Ei triveleg bygd å bu i
CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplasser i Valle kommune skal pregas av mangfold. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Solveig Birgitte Kyrvestad, leiar, 91247155Arbeidsstad
Leitebakken 194747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 4637650825
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.04.2023
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/