Assistent på biblioteket - 20 % årsvikariat
Fyresdal kommune
Fyresdalsvegen 2233, 3870 Fyresdal
Om jobben
Stillingstittel
Bibliotekmedarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Sektor for kultur og oppvekst søker assistent i 20 % vikariat. Vikariatet er ledig frå 01.08.2024. Vikariatet gjeld onsdagar med arbeidstid kl. 12.30-20.00.
Fyresdal folkebibliotek er ein del av kulturavdelinga i kommunen og ligg under sektor for kultur og oppvekst. Biblioteket har ljose og gode lokale og ligg midt i hjarta av områda barnehage, skule, idrettshall, klubblokale og helsestasjonen. Det er godt samarbeid med barnehage og skule og opningstida er tilpassa for å vere tilgjengeleg i deira opningstid. Biblioteket er ein viktig kulturarena og skal fylle rolla som både møteplass og arrangementsstad. Biblioteket er også eit viktig lågterskeltilbod.
Stillinga som assistent på biblioteket inneber:
- Inn- og utlån via datasystem
- Fjernlån
- Finne passande litteratur
- Vere til stades for ungdom og andre lånarar
- Rydding og anna førefallande arbeid
Kvalifikasjonar:
Krev ingen formell utdanning, men det er ynskjeleg med relevant erfaring.
Vi søker ein person som:
- Er utadvent og har gode kommunikasjonsevner
- Er serviceinnstilt og glad i direkte publikumskontakt
- Har gode formidlingsevner og evne til å skape leselyst
- Har evne til å jobbe nøyaktig og systematisk
- Har engasjement og interesse for litteratur
- Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- Løn etter avtale.
- Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
- Barnehageplass frå dag ein i kommunen
Kontaktperson ved spørsmål:
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar kultur, Hilde Martini Momrak, på hilde.momrak@fyresdal.kommune.no eller 95 27 09 05.
Tilsettingsvilkår:
- Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk.
- Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato.
- Den som blir tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
- Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve.
Søknadsfrist:
Søknadsfrist for stillinga er 08.04.2024.
Velkomen som søkar!
Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring. Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov. Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
NB. Vi opplever nokre utfordringar i samband med opplasting av vedlegg til søknadane. Vi ber deg derfor om å laste opp vedlegga dine i PDF-format (og ikkje Word-format). Vedlegga kan alternativt ettersendast via post, e-post eller ++E-dialog++.
Om bedriften
Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2600828
- Sist endret
9. april 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
8e234d9b-fa5f-4a5a-a450-ec4c77a89973