Pedagogisk Psykologisk rådgjevar 19/1960
Er du vår nye PPT-rådgjevar?
Vi har ledig stilling som PPT-rådgjevar i 100 % stilling frå 01.01.20.
Kommunen er oppteken av heilskapstenking kring barn og unge, og tverrfagleg fokus er derfor sentralt i arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing til skular og barnehagar
- Systemretta og tverrfagleg arbeid
- Sakkundig tilrådingar
- Rådgjeving til elevar og føresette
Stillinga er under kommunale vilkår. Dei som blir tilbudd stilling må frem leggje politiattest, jf. opplæringsloven § 10-9 første og andre ledd og barnehageloven § 19, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
Krav til kompetanse
- Høgare utdanning på master/hovudfagsnivå (ev. på begynt masterstudie) i relevant fag (spesialpedagogikk/pedagogikk/psykisk helse/psykologi)
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Personleg egnethet
- Søker må disponere egen bil
Ønsket kompetanse
- Erfaring frå arbeid i PPT eller skule, med god kunnskap om spesialpedagogisk arbeid og tilpassa opplæring
- Erfaring frå rettleiing, tverrfagleg arbeid og kompetanseutvikling
- Kjennskap til barn og unge med læringsutfordringar
- Relevant test- og utrednigskompetanse
Personlige eigenskaper
- Fleksibel innstilling med vilje til å tenke alternativt
- Gode kommunikasjonsevner
- Oppteken av tverrfagleg arbeid
- Gode samarbeidsevner og stor arbeidskapasitet
- Oppteken av samanhengen mellom teori og praksis
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver i eit fagleg fellesskap
- Spennande utviklingsarbeid kor du får vera med å påverka internt i PPT og kommunen generelt
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Konkurransedyktig lønn
For meir informasjon, ta kontakt med PPT-leiar Jorunn Rosseland, mob 95912656
Om bedriften
Klepp PPT har 11 årsverk og er organisert i Tenesteområde barn og unge.
Arbeidsområdet for pedagogisk psykologisk teneste (PPT) er å hjelpe barn, unge og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. PPT skal også hjelpe barnehagar og skular med å leggje tilrette for barn og elevar med særskilte behov. PPT er kommunen si sakkundige insats i å forvalte rettar som er nedfeldt i opplæringslova og barnehagelova. PPT bidreg med kompetanse og organisasjonsutvikling i skule og barnehage.