Teamkoordinator
Org. nr: - Stillingsident: 4387378091 Presentasjon av stillingen:
Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre - Seksjon for alderspsykiatri Sunnmøre:
Ynskjer du å vere med å utvikle fagfeltet alderspsykiatri saman med oss?
Vi har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar med funksjon som teamkoordinator. Ved ev. interne rokkeringar kan andre stillingar bli ledige.
Alderspsykiatri i Helse Møre og Romsdal er organisert i to alderspsykiatriske seksjonar (APS). Den eine lokalisert ved Hjelset (Molde), og den andre ved sjukehuset i Ålesund. Kvar seksjon består av poliklinikk og døgnpost. Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri.
Det pågår eit spanande arbeid i fagfeltet for å utvikle ein framtidsretta alderspsykiatri. APS Sunnmøre er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, psykolog, ergoterapeut, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar.
Ved døgnpost og poliklinikk utgreier og behandlar ein pasientar i målgruppa:
- Personar med alvorleg psykisk sjukdom med debut etter fylte 65 år
- Personar med demenssjukdom og med alvorlege nevropsykiatriske symptom (NPS), der alder er av mindre relevans
- Personar med alvorleg psykisk sjukdom frå før fylte 65 år, der somatisk sjukdom eller andre aldersrelaterte årsakar gjer alderspsykiatri tenleg
Det er godt samarbeid mellom poliklinikk og døgnpost ved seksjonen, samarbeidande instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift (lønn, ajour, fråver, turnus)
- Opplæring nytilsette
- Organisering/tilrettelegging av praksis for studentar
- Pasientadministrative oppgåver
- Delta og bidra med undervisning og kvalitetsarbeid
- Stedfortredar for seksjonsleiar
- Ansvar og oppgåver delegert fra seksjonsleiar
- Følge seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Oppdatere og halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner
Kvalifikasjonar
- Autorisert sykepleiar
- Erfaring fra liknande arbeid
- Meistre norsk språk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Engasjert
- Strukturert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team - tverrfagleg
- Stor arbeidskapasitet
- Å være personlig eigna
- Løysningsorientert
- Fagleg og personleg tryggleik
- Evne til å gjere kollegaer gode
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, 70107400 , Pamela.Riise.Loe@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund sykehus
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4387378091
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal