Renholder
Om stillinga
MUHO (Museumssenteret i Hordaland) har fleire lokasjonar i Bergen, Alver og Osterøy. Stillinga er knytt til avdelingane i Salhus: Tekstilindustrimuseet, Bevaringstenestene, og Kveldheim som hyser museets administrasjon.
Tekstilindustrimuseet held til i tidlegare Salhus Tricotagefabrik. Her får publikum tilbod om omvisingar i fabrikken (4 salar på 3 etasjar). Fleire av maskinane er framleis i bruk for produksjon av varer til museumsbutikken, vi har 'og kafe og galleri med skiftande utstillingar i tillegg til kontorlokale og verkstad for om lag 10 tilsette.
Bevaringstenestene er ei fellesteneste innan samlingsforvaltning og konservering for dei konsoliderte musea i Vestland fylke, og har ansvar for eit fellesmagasin. Vi tilbyr 'og oppdragsbasterte konserveringstenester for musea og eksterne kundar.
Museet sin administrasjon har kontor og møterom på "Kveldheim".
Vår faste reinhaldar skal i foreldrepermisjon og vi søkjer difor etter ein dyktig og omgjengeleg vikar som kan utføre reinhald i våre avdelingar i Salhus, som ligg i Åsane bydel i Bergen kommune.
Stillinga er på 90%, men det kan bli noko meir reinhald ved arrangement, slik at stillinga kan bli større totalt.
Oppstart er 25. august 2021 og varigheit til minimum 31.12.2021. Deretter vil vikariatet kunne forlengast anten i 90% eller i 50% stilling for 4-8 månader.
Arbeidsoppgåver
På Tekstilindustrimuseet inneber arbeidet reinhald av publikumsareal som utstillingsrom, toalett, kafe og tilhøyrande kjøkken. Reinhald av kontorfløy med toalett for tilsette og garderobe for handverkarar, i tillegg til høvesvis reinhald av større museumsareal, fabrikkbygg med maskinar og tidvis aktivitet som støvar.
Arbeidet på Bevaringstenestene innebær reinhald av konserveringsatelier, kantine, kontor og magasin to gonger i veka.
I tillegg kjem reinhald av kontorlokale og møterom for administrasjonen ein gong i veka.
Noko helgearbeid må påreknast knytt til utleige og arrangement i helger, og det det kan vere mogeleg å få nokre ekstra timar/vakter basert på dette.
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som er nøyaktig, serviceinnstilt og omgjengeleg. Du kommuniserer godt med dine kollegaer, du gir og tar innspel, og du er fleksibel og løysingsorientert når det gjeld behova for reinhald.
Det er bra om du har erfaring frå reinhald i bedrift, og kan vise til gode referansar. Det er ein fordel om du har fagbrev som reinhaldsoperatør.
Du må beherske norsk eller engelsk munnleg og skriftleg, i tillegg til normalt gode IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskaper vert vektlagde.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale/tariff
- God tenestepensjons- og forsikringsordning
Spørsmål
Dersom du har spørsmål om stillinga, ta kontakt med:
Anneli Belsvik Aras, 93494145, Anneli.belsvik.aras@muho.no (Tekstilindustrimuseet)
Mette Thomassen, 90100878, Mette.thomassen@muho.no (Administrasjonen)
Om bedriften
Om MUHO
MUHO er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Vestland.
Du finn oss i:
- Salhus, Bergen: Tekstilindustrimuseet, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland
- Osterøy: Osterøy museum og Havrå
- Alver: Lyngheisenteret og Vestnorsk utvandringssenter
MUHO utfører aktiv bevaring og levande formidling: vi fortel ikkje berre ei historie, men brukar kunnskap om teknikkar og prosessar til å vise, lære bort og utføre arbeid slik det tradisjonelt blei gjort innan handverk, industri og gardsdrift.
Gjennom autentiske kulturmiljø og landskap i Nordhordland og Bergen trekkjer vi linjer frå fortida til utfordringar i verda i dag. MUHO har eit unikt kompetansemiljø som gir råd om bevaring av bygg og samlingar, og utfører konservering av ulike materialar.
Les gjerne meir på heimesida vår: muho.no