Lærar i helse- og oppvekstfag - Helsearbeiderfag
FLO - FLORA VGS, Vestland fylkeskommune
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar i helse- og oppvekstfag - Helsearbeiderfag
Oppstart
1. mars 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. november
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag.
Vi er omlag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 520 ungdommar og vaksne.
Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Fra 01.03.2024 har vi ledig eit 12 månaders vikariat innan helse- og oppvekstfag - helsearbeiderfag.
Søknadsfrist 24.11.2024
Arbeidsoppgåver
Undervisning i aktuelle programfag etter kompetanse og behov på VG1 Helse- og oppvekstfag oghelsearbeiderfag for vaksne. Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver.
Kvalifikasjonar
Du som vert tilsett må ha undervisningskompetanse i aktuelle helsefag, og kunne leggje fram politiattestav nyare dato.
Sidan ein del av stillinga vil omfatte rettleiing og oppfølging av elevar i yrkespraksis, vil kjennskap til oppdatert, relevant praksis i praksisfelt vektleggjast.
Det er ønskjeleg med undervisningserfaring og erfaring med realkompetansevurdering.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer deg som er oppteken av faga dine, likar å arbeide med ungdom og som er ein god rollemodell.
Du må vere oppteken av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og framstå som tydeleg og
inkluderande.
Som lærar må du vere bevisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til
rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa.
Som lærar innan eit yrkesfag er det viktig å sjå utdanninga som primært ei førebuing til lære. Det er derfor viktig at du har ny oppdatert praksis.
Det er forventa at du kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga både sjølvstendig og i
samarbeid med andre. Du må vere reflektert både sjølv, og i lag med andre og vere motivert for å bidra til
både eiga og andre si endring og utvikling.
Vi tilbyr
Løn etter avtale og offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.Søknadsfrist 24.11.2024.
For meir informasjon om stillinga kantakt avdelingsleiar Ole Hartvik Hennøy tlf 918 72 726 eller kst.rektor Lars Anders Nybu tlf 41 53 06 04
Kontaktinformasjon
Lars Anders Nybu, Rektor ( vikariat)Arbeidsstad
Professor Gjeldsviksv 226900 FLORØ
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4884446374
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2025
Sluttdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 24.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Lars Anders Nybu
Rektor ( vikariat)
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2789618
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d54be624a52f450ba71c95e6f450f6bd