Ledig fast 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar på Sveio omsorgssenter, saksnr. 20/287
Sveio Kommune har ca 5500 innbyggarar og ligg tett opp mot Stord i nord og Haugesund i sør. Stillingane ligg på Omsorgssenteret som er eit moderne bygg opna i 2010 med flott utsikt over Sveio sentrum. Omsorgssenteret ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord . Omsorgssenteret er preget av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mye godt humør. Me er ein samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot ny tilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trives og føler deg trygg i avdelingane. Sveio omsorgssenter har 3 avdelingar med til saman 42 plassar. Stillinga er med på å auke grunnbemanninga og sikre ei stabil bemanning til beste for både pasientar og tilsette. Stillinga vil difor vera med å serve alle tre avdelingane.
Oppgåver:
Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling til gruppa med gir tenester til. Mange spennande faglege utfordringar knytt til samhandlingsreforma. Sjukepleiar ansvar for medisinfaglege oppgåver, og er ein pådrivar for å legge til rett og bidra til at brukerane skal oppleva trygghet og mestring.
Kvalifikasjonar for stillinga:
-
Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
-
Personlege eigenskapar
-
Godkjent politiattest
-
Sertifikat
Me ser etter deg som:
- Ser det som spanande å arbeide på 3 avdelingar (42 pasientar totalt).
-
Er fleksibel og løysingsorientert
-
Initiativrik
-
Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
-
Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus.
-
Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar (framtidige kollegaer).
Sveio kommune kan tilby:
-
Årsturnus
-
Faste fagmøter for sjukepleiarane i eininga
-
Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø.
-
Gode høve for fagleg og personleg utvikling.
-
Faste sosiale arrangement
-
God offentleg pensjonsordning
-
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.
For meir informasjon om stilling kan du kontakte:
Einingsleiar Sveio Omsorgssenter Camilla Selbak 53748256 / 95154037
Sveio kommune oppmodar alle våre søkjarar til å nytta vårt digitale søknadssenter
www.sveio.kommune.no/selvbetjening
Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00
SØKNADSFRIST: 19.04.2020