ID 1975 Ung i helse sommaren 2023
Har du lyst på ein meiningsfull og spennande sommarjobb? Har du lyst å prøve om det å jobbe i helse er noko for deg? Synest du det å jobbe med eldre verkar spanande?
Institusjonane i Stord kommune, Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter, kan tilby ungdom mellom 16-18 år sommarjobb. Du som ungdom vil vera ein ressurs for både dei eldre og dei tilsette.
Desse arbeidsoppgåvene er aktuelle:
- Sosiale aktivitetar saman med dei eldre
- Delta i tilbereding av måltid
- Rydding og enklare reinhald
Me kan tilby arbeid i 4 veker i 60 % stilling, måndag- søndag. Du vil få opplæring og ein kontaktperson i avdelinga.
Kontaktpersonar:
Einingsleiar Stord sjukeheim Ida Elin Tvedt tilf 975 52 097
Avdelingsleiar Knutsaåsen omsorgssenter Lidveig Stubhaug tlf. 909 75 644
Dagaktivitetstilbodet til heimebaserte tenester Randi Huglen tlf. 489 90 902
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.