Helsefagarbeidar, 50% fast stilling
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1086, 5966 Eivindvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helse. Tilsetjing 50% fast stilling innan psykisk helse og rus
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. november
Om stillinga
Har du fagbrev som helsefagarbeidar og ynskjer å jobbe med menneske i psykisk helse- og rustenesta?
Frå snarast/etter avtale vert det ledig 50% fast stilling. Stillinga kan kombinerast med anna deltidsstilling innan helse og omsorg.Pyskisk helse og rustenesta i Gulen kommune har i dag 4,1 stillingar fordelt på 7 tilsette. Arbeidsområdet er heile kommunen med kontorstad i Eivindvik. Den som blir tilsett vil få ein variert arbeidskvardag med gode kollegaer, der det er mogleg å vere med på å utvikle tenesta. Vi har fokus på at fysisk aktivitet er bra for den psykiske helsa og ynskjer at aktivitet kan vere ein del av tilbodet som blir gitt. Dette gjer at samtalar og oppfølging av brukarar like gjerne kan skje gjennom aktivitetar som spaserturar, fjellturar, padling eller sykkelturar, som konsultasjonar på kontoret og heimebesøk.
Me tilbyr
- Ein historisk og framtidsretta kommune med fin natur og kjekke folk!
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Triveleg arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ledig barnehageplass i kommunen
- Hjelp til å orientere seg i bustadmarknaden
Arbeidsoppgåver
- Individuelt klinisk arbeid
- Kartlegging/vurdering av brukarar
- Oppfølging av brukarar
- Samarbeid med interne og eksterne instansar
- Fleksibilitet i arbeidstid, noko arbeid på ettermiddag/kveld må reknast med
- Fysisk aktivitet/tur vert brukt som arbeidsmetode, og må vere gjennomførbart for den som vert tilsett
- Gruppetilbod ved nokre av dagsentera kan verte del av arbeidsoppgåvene
- Andre arbeidsoppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev som helsefagarbeidar (fagarbeidaren som vert tilsett må vere open for å auke kompetansen)
- Det er ein fordel med relevant arbeidserfaring med målgruppa fra kommune- og/eller spesialisthelsetenesta
- Det er ynskjeleg med erfaring frå kurs/gruppeverksemd (KID, angstmeistring, stressmeistring m.m)
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Kunne handtere digitale verkty
- Gyldig helse- og politiattest må framvisast før ein startar opp i stillinga
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Strukturert, sjølvstendig, samarbeider godt og er initiativrik
- Vert motivert av å yte gode tenester og bidra til vidareutvikling
- Har god evne til etisk refleksjon
- Bidrar til godt arbeidsmiljø
- Bidrar til ein stabil kvardag for brukarane av tenesta
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted