Overstyrmann på reserveferje i Nord-Norge, pt MF Sulafjord.
Bli med på verdas største grøne revolusjon i ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann på reservefartøyet for våre samband i Nord-Norge, p.t. MF Sulafjord.
Opplagskai er i Kjøpsvik. MF Sulafjord er for tida reservefartøyet for MF Lote, MF Glutra og MF Fannefjord.
Turnus: Sjøvaktordning med 3 veke på og 3 veke av. Reise til og frå vert dekka.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt
Kvalifikasjonar
- Minimum D2 sertifikat
- Ferdigheitssertifikat HMOB
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i samsvar med kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- MF Sulafjord har sjøklasse, så du kan difor segle opp sertifikatet ditt til ubegrensa.
- Som leiar i ressursgruppa får du god erfaring med teamarbeid og leiing.
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar.
- Lønn etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
- Skiftordning: Sjøvaktsordning 3 veker på, 3 veker av.
Kontaktinformasjon
Kristin Ljøkjel, Bemanningskoordinator, 47344496Arbeidsstad
Rv8278590 Kjøpsvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4803886840
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.