Helsefagarbeidar
Hareid kommune, Korttidseining
Teigevegen 55, 6060 Hareid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 28. november
Du vil jobbe i turnus, med arbeid kvar tredje helg.
Kortidseininga er ei av tre einingar ved Hareid sjukeheim som gir tilbod om opphald på lang- og i korttid, avlastning, rehabilitering og har kommunal akutt døgnplass (KAD).
Vi har 16 plassar, der ein av dei er KAD. Vi jobbar for å gi gode tenester til dei innbyggjarane som treng det, og gode arbeidsvilkår for tilsette. Vi samarbeider tett med andre delar av sektoren for å sikre gode pasientforløp. Tilsette har fagdag i turnus, og får påverke eiga arbeidstid og fritid gjennom forhandling.
Arbeidsoppgåver
- medisinsk og fagleg oppfølging med ansvar og vurderingar
- pleie- og omsorgsoppgåver
- sikre at tenester blir gitt på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
- rettleie, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og helsefagstudentar
- medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
- bruk av velferdsteknologi
- delta i kvalitetsutvikling av tenesta
Kvalifikasjonar
- autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar. Erfaring frå arbeid på korttidsavdeling kan bli vektlagt.
- god digital kompetanse
- godt norsk språk, både skriftleg og munnleg (nivå B2)
Du må legge fram godkjend politiattest av ny dato før du startar å arbeide, og gjennomgå smittevernkontroll.
Personlege eigenskapar
I sektor for velferd ønsker vi oss ein medarbeidar som er pliktoppfyllande, engasjert, profesjonell og løysningsorientert, viser respekt og er rause. Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner og utøver dette til beste for pasient, pårørande og tilsette. Du klarer å prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Verdiar som stabilitet, god arbeidsmoral og det å vere ein god kollega og samarbeidspart er viktig for oss.
Vi tilbyr
- ein triveleg arbeidsplass med tverrfagleg arbeidsfellesskap
- spanande og faglege utfordringar
- fagdag i arbeidsplan
- tilgang til e-læring
- forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
- løn etter gjeldande lov- og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Karoline Røvreit Flø, Einingsleiar, +47 91566735Arbeidsstad
Teigevegen 556060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 4875926301
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Karoline Røvreit Flø
Einingsleiar
+47 91566735
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. VI oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2791333
- Hentet fra
talentech
- Referanse
10cdfe48887e4d12b9af16aef0a4985c