Politioverbetjent
Ved evt. internt opprykk kan det bli ledig stilling som politibetjent 3/2/1. FEFE - Avsnitt for etterforskning SO og grov vald Nordmøre og Romsdal, Møre og Romsdal politidistrikt
Strandgata 2, 6415 Molde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Politioverbetjent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. januar
I stillinga vil du utøve politifagleg etterforskingsleiing i særskilte saker, porteføljestyring og dessutan etterforsking og vere dagleg leiar av etterforskingsteamet ved lokasjon Molde utan personalansvar. Stillinga er underlagd leiar for avsnitt for SO og grov vald.
Hovudoppgåver i stillinga er å gjennomføre prioriteringar i straffesaksporteføljen som ligg til avsnittet,
saman med påtalejurist og avsnittsleiar. Vidare, å leie, drifte og kvalitetssikre at etterforskinga blir utført
med høg kvalitet innenfor gjeldande regelverk og faglege standardar. Du skal også bidra til å utvikle
avsnittet vidare innanfor dei rammene som blir tildelt. Læring og utvikling står sterkt i miljøet og det er eit
mål at dette skal vidareførast og prege avsnittet. Vi ser derfor etter deg som har god kompetanse innan
etterforsking og gode leiareigenskapar, herunder evne til å motivere og bidra til å utvikle medarbeidarane.
Du er kreativ og løysingsorientert, og evner å oppnå gode resultat i samarbeid med andre.
Vi har høg fokus på HMS, og viktigheita av å ha eit godt arbeidsmiljø, spesielt i samband med at
medarbeidarane kan bli eksponert for sterke inntrykk i arbeidet. Den som blir tilsett i stillinga skal
bidra aktivt til det systematiske HMS-arbeidet ved teamet i kvardagen.
Stillinga er for tida organisert ved Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE), ved
seksjon for etterforsking, ved avsnitt for SO og grov vald. Avsnittet består i dag av avsnittsleiar og ni
etterforskarar, fordelt på lokasjonar i Molde og Kristiansund. Oppmøtestad er Molde.
Ein må pårekne noko reiseverksemd.
Arbeidsoppgåver
Politioverbetjent:
- Politifagleg etterforskingsleiing i særskilte saker og fagleg ansvar for etterforsking og metodebruk i tildelte straffesaker
- Organisere, leie og delta i etterforskinga av saker ved avsnittet, medrekna å bidra til aktiv prioritering av ressursar og straffesaker i samarbeid med andre einingar, i henhold til mål og resultatkrav.
- Dagleg leiing av teamet
- Delta i operative aksjonar i regi av eige avsnitt, eller som bistand til andre einingar. Dette inneber også bruk av ulike typar tvangsmiddel, herunder utføre pågripingar, ransaking og beslag
- På oppmoding frå avsnittsleiar, delta i regionale og nasjonale fagnettverk, og følgje opp sentrale krav og føringar
- Bidra til fagleg utvikling og kompetansebygging ved avsnittet, herunder bidra til å utarbeide kompetanseplanar for etterforskarane på teamet
- Sørgje for at dei faglege oppgåver som er lagt til avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar, instruksar og faglege standardar
- Sørgje for at tilsette ivaretar vernet av politidistriktet sin informasjon, materiell og objekt ved å erkjenne og etterleve gjeldande sikkerheitsinstruksar og –prosedyrer
- Vere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeidarskap, ønskt kultur og medarbeidertilfredsheit i organisasjonen
- Bidra aktivt til at avsnittet gjennomfører systematisk HMS-arbeid
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Etterforskar, politibetjent 3/2/1:
- Etterforsking av straffesaker som høyrer inn under FEFE/seksjon for etterforsking/avsnitt for SO og grov vald, og ved behov bistå dei geografiske driftseiningane
- Sørgje for effektivitet og høg kvalitet i etterforskingsarbeidet
- Utarbeide etterforskingsplanar i politiet sitt prosjektstyringsverktøy, herunder identifisere aktuelle hypoteser i den enkelte sak
- Gjennomføre avhøyr og andre etterforskingsskritt i tråd med hypoteser og bevistema
- Utføre taktisk gjennomgang av digitale beslag
- Delta i operative aksjonar i regi av eige avsnitt eller som bistand til andre einingar
- Bidra til at dei faglege oppgåvene som er tillagt avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
- Vere pådrivar og støttespelar for utvikling av eit godt medarbeidarskap
- Kan påleggast andre arbeidsoppgåver av leiar
Kvalifikasjonar
Politioverbetjent:
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skule
- Brei erfaring med etterforsking
- Brei erfaring frå politi- og lensmannsetaten
- Svært god kjennskap til lovverket innanfor gjeldande ansvarsområde
- Erfaring med prosjekt- og teamarbeid
- Gode kunnskapar om bruk av politiet sine datasystem
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- Må kunne klarerast for "HEMMELIG" jf. sikkerhetsloven
Ønskeleg:
- Vidareutdanning innan etterforsking
- Funksjonsretta leiing innan etterforskingsleiing eller at ein gjennomfører studiet etter tilsetjing
- Tilleggsutdanning innan fagfeltet grov vald og seksuelle overgrep
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring frå etterforskingsleiing i sak og på portefølje
- Kunnskap om gjennomgang av digitale beslag
- Kjennskap til og forståing av planleggings- og styringssystema til politiet
- Kunne vise til god resultatoppnåing i tidlegare stillingar.
Etterforskar, politibetjent 3/2/1:
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skule
- Erfaring frå etterforsking utover PHS
- Munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- Generelt gode IKT-kunnskapar og må kunne bruke relevant saksbehandlingssystem og prosjektstyringsverktøy
Ønskeleg:
- Vidareutdanning innan etterforsking. Særleg innan fagfeltet grov vold og seksuelle overgrep
- Erfaring frå etterforsking av seksuallovbrot og alvorlege valdssaker
- Erfaring og kompetanse på gjennomgang av digitale beslag
- Kurs i datasystem brukt til gjennomgang av beslag
- Anna relevant utdanning/erfaring
For begge stillingar gjeld at ein må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Personlege eigenskapar
Politioverbetjent:
- Det blir lagt stor vekt på gode leiareigenskapar, herunder evne til å motivere og bidra til å utvikle medarbeidarane.
- Du er heilskapsorientert og kan sette retning innan etterforsking
- Du er resultatorientert med god gjennomføringsevne - kan skape resultat i samhandling med andre
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du har god evne til relasjonsbygging
- Du er kreativ og løysingsorientert
- Ha eit medvite forhold til stresshandtering
Etterforskar, politibetjent 3/2/1:
- Du har gode samarbeidsevner og er opptatt av å skape resultat i samhandling med andre
- Du er strukturert og systematisk i arbeidet ditt
- Høg arbeidskapasitet/gjennomføringsevne
- Du har gode kommunikasjonsevner og flink på relasjonsbygging
- Du er fleksibel og løysingsorientert
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
- Eit solid fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter, og eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga blir lønt som politioverbetjent, SKO 0287, frå kr. 670 000,- til kr. 720 100,- brutto per år
- For særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering bli vurdert
- Godtgjersle etter gjeldsande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsetjingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
- Fleskibel arbeidstid
- Tilgang til bedriftshelseteneste
- Trening i arbeidstida
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Ida Rindahl Hamnes, 92 89 64 75Arbeidssted
Strandgata 26415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4897717458
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 08.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Ida Rindahl Hamnes
92 89 64 75
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2819210
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c64cceeff9d2464ab9629ec39277bfa6