Sommarvikarar 2023 - Valle Bygdeheim, open omsorg og habilitering
Stillingsannonsen er inaktiv.Pleie og omsorg, Valle kommune
Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle
Sommarvikarar 2023
Valle bygdheim, Open omsorg, habilitering, kjøkken og vaskeri treng ferievikarar innan fylgjande
stillingsgrupper:
Sjukepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, vaskeriassistent, pleieassistent, miljøarbeidar, kjøkkenassistent og heimehjelp.
Søkjarar til pleie- og omsorgsarbeid må ha fylt 18 år.
Ferien vert avvikla i tidsrommet medio juni til medio august. Ynskt stillingstype, avdeling,
stillingsstorleik og arbeidsperiode må oppgjevast i søknaden. Søkjarar til open omsorg og habilitering må ha sertifikat for personbil. Dei som ynskjer arbeid som heimehjelp må disponere eigen bil.
Me tilset sommarvikarar fortløpande, og det vil sendast ut tilbod om sommarjobb før fristen er gått ut!
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vere i samsvar med oppgåver som høyrer til avdelinga du vert tilsett i.Kvalifikasjonar
- Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Søkjarar til open omsorg og habilitering må ha førarkort kl. B
- Fordel med erfaring frå helse/omsorg
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du er trygg, sjølvstendig og kunne takle ein ansvarsfull jobb
- Du er positiv, serviceinnstilt og har godt humør
- Du samarbeider godt med andre
- Du er fleksibel
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med givande arbeidsoppgåver og engasjerte medarbeidarar
- Løn iht. regulativ
- Køyregodtgjering ytes etter off. regulativ
- Løn tilsvarande 10 års ansiennitet med norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er gode lønsvilkår for sjukepleiarar under utdanning som vil ha sommarjobb i Valle
CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregas av mangfold.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Solveig Birgitte Kyrvestad, Leiar pleie og omsorg, 91247155Arbeidssted
Kjellebergsvegen 14747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Valle kommuneReferansenr.:4605006649
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Pleie og omsorg, Valle kommune
Adresse
Rusletun, 4747 Valle
Hjemmeside
www.valle.kommune.no
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Om stillingen
Stillingstittel
Sommarvikarar 2023 - Valle Bygdeheim, open omsorg og habilitering
Antall stillinger
10
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 1. mai 2023
Hentet fra: talentech
Referanse: 05a1fbc4722c45d0bbee6f80935b3ae8
Stillingsnummer: 8c66609a-ad35-47ad-bdae-d0f15e922903