Tenesteleiar for Helsetenesta
Org. nr: 958 814 968 Stillingsident: 4051596853 Presentasjon av stillingen:
Vil du vere med å utvikle ein spanande og attraktiv kommune i Setesdalen? Er du ein strategisk og samlande leiar som har kompetanse til å utvikle helse- og omsorgstenesta i Bykle kommune saman med dyktige og engasjerte aktørar? Da er du den vi søkjer!
Vi søkjer ein utviklingsretta og resultatorientert tenesteleiar. Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Det er Bykle som er vertskommune. Tenesta består av fylgjande deltenester: fastlege, legevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus. Det er fokus på innovasjon og utvikling i tenesta og eit nært samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.
Du finn meir informasjon om Bykle Kommune på www.bykle.kommune.no. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dei det gjeld vil bli kontakta dersom offentleggjering blir aktuelt.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg ansvar for helsetenesta og utvikling av denne
- Strategisk ansvar, vurdere, initiere og gjennomføre naudsynte endringsprosessar
- Driftsansvar, heilskapleg ansvar for økonomi og drift innafor fastsette rammer
- Personalansvar for alle faggrupper og sikre eit godt arbeidsmiljø
- Prosjektleiing
- Samarbeide med andre kommunale einingar, spesialisthelsetenesta og interkommunale samarbeid
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning på masternivå frå høgskule eller universitet innan fagfelta økonomi, leiing, administrasjon
- Leiarerfaring og gjerne erfaring frå kommunal sektor
- Helsefagleg utdanning er ein fordel
- God norsk skriftleg- og munnleg framstillingsevne er ein forutsetning
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer ein tydeleg leiar som er fleksibel, engasjert og resultatorientert og som trivast i ein hektisk kvardag med leiaransvar. Du kommuniserer og samarbeider godt og har kompetanse som kan bidra til dynamikk, vekst og utvikling. Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben.
Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Løn etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordning
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
Kontaktinformasjon
Janne Krohn Grimsmo, Senior rådgiver, 918 94 302, jkg@activepeople.no
Arbeidssted
Sarvsvegen 14
4754 Bykle
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Bykle kommune
Referansenr.:4051596853
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 01.05.2019
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og badeland. Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar. Vi har ca. 170 tilsette.