Sjukepleiar/vernepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4175276815 Presentasjon av stillingen:
Sjukepleiarar / vernepleiarar i 80-100 % fast stilling dag/kveld med arbeid kvar tredje helg. Me oppmodar sjukepleiarar med spesialutdanning innan eldreomsorg å søkje.
Me treng sjukepleiarar / vernepleiarar som ønskjer høg grad av fagleg utvikling og som likar varierte utfordringar.
Arbeidsoppgåver
- Det er viktig at du kan samarbeida med pårørande og oppmuntra til brukarmedverknad
- Samarbeida tverrfagleg og gje veiledning
Kvalifikasjonar
-
Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
-
Har god fagleg innsikt og tryggheit
-
Ha god innsikt, tryggleik og engasjement for sjukepleiarfaget
-
At du liker utfordrande arbeidsoppgåver med spesiell fokus på miljøarbeid og aktivitet for våre pasientar
Søkjarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha fått bestått på Bergenstesten, eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggjas intervjuet.
Søkjarar må fremleggja ny politiattest før ein tiltrer stillingen.
Personlege eigenskapar
-
Det er nødvendig at du har gode norskkunnskap munnleg og skriftleg
-
Dokumentasjon er viktig, derfor må du ha gode datakunnskap
-
Du må kunne jobbe sjølvstendig og være ansvarsbevisst
-
Er fleksibel og strukturert
-
Kunne delegera og prioritera
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
At du er positiv og har engasjement for sjukepleiaryrket
-
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
-
Ein spanande arbeidsplass
-
Variert arbeidsplass med moglegheit for fleksibilitet i arbeidstid, stillingsstorleik og fagleg oppdatering
-
Samarbeid, kompetanse og kvalitet
-
Gode stipendordningar om du tenkjer på vidareutdanning
-
Godt arbeidsmiljø med fokus på det sosiale
-
Bedriftsidrettslag og bedriftskunstforeining
-
Konkuransedyktig lønn
Kontaktinformasjon
Sølvi Vigesdal, Avdelingsleiar, 97740218
Arbeidssted
Hognestadvegen 41
4340 Bryne
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Time Kommune
Referansenr.:4175276815
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 03.02.2020
Søknadsfrist: 26.01.2020
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.