Vitskapleg assistent i fysisk aktiv læring
Høgskulen på Vestlandet
Røyrgata 6, 6856 Sogndal, Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Vitskapleg assistent i fysisk aktiv læring
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Antall stillinger
1
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling i inntil 100% som vitskapleg assistent ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag.
Stillinga er ledig i tida 01.08.2024 - 31.07.2025 og vert plassert i Sogndal eller Bergen. Det må påreknast reising mellom studiestadane. Det er høve til å søkje om ei lågare stillingsstorleik, men ikkje lågare enn 50% stilling.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga vert knytt til arbeidet med utvikling, drift og evaluering av FALtastisk- basen, FYSISK AKTIV LÆRING (faltastisk.no). Det er ein database primært for lærarar og andre tilsette i grunnskulen innan fysisk aktiv læring. Den som blir tilsett får moglegheit til å vidareutvikle og evaluere FALtastisk, samt arbeide med forskingsdata i samarbeid med det faglege miljøet i fysisk aktiv læring ved høgskulen. Samhandling med brukarar og eksterne partnarar inngår i stillinga. Stillinga medfører bruk av digitale verktøy, samarbeid med IKT- og mediemiljø og arbeid med evaluering.
Det vil elles liggje undervisning og rettleiingsoppgåver innanfor relevante etter- og vidareutdanningstilbod til stillinga.
Kvalifikasjonskrav:
Kvalifikasjonar:For tilsetting som vitskapeleg assistent må søkjar har fullført mastergrad med godt resultat (normalt A eller B) innanfor pedagogisk eller anna relevant fagområde som har gjeve forståing for og kunnskap om fysisk aktiv læring i skulen. Søkjarar som har levert masteroppgåva innan søknadsfristen kan også søkje.
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar og samarbeidspartnarar er påkravd.
Søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt engelsk.
Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Følgjande tel positivt i vurderinga:- Erfaring med digitale verktøy og læringsressursar
- Erfaring frå forskingsformidling, kommunikasjon og arbeid med forskingsdata
- Relevant erfaring frå skule og opplæring
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Vi ber søkjarar som ønskjer lågare stillingsstorleik enn 100% oppgi i søknaden kva som er ønskjeleg.
Stillingskategorien vitskapleg assistent er regulert av Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitskapeleg assistent og spesialistkandidat, fastsett av Kunnskapsdepartementet 31.1.2006 med heimel i Universitets- og høgskulelova §1-4. I forskrifta står det mellom anna at det ikkje er høve til å tilsette personar som tidlegare har vore tilsett i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse. Det betyr at søkjarar med doktorgrad eller tilsvarande, eller søkjarar som har hatt ei stilling som ph.d.-stipendiat, ikkje vil bli vurdert som kvalifisert for stillinga.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passar til denne
- oppdatert CV med oversikt over utdanning og arbeidserfaring
- vitnemål og relevante attestar
- ei liste over relevante publikasjonar, forskingsrapportar eller anna relevant formidlingsmateriale du har bidrege til
- to referansar (namn, kontaktinformasjon og din relasjon til referansane). Referansane bør vere av nyare dato.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå NOKUT for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som vitskapleg assistent vert lønna i stillingskode 1020 - Vitskapleg assistent.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
Assisterande instituttleiar, Erik Bulie
Tlf.: 53 49 14 15
E-post: ebu@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.Om bedriften
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 190 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Sektor
Offentlig
Nettsted