Fagarbeidar/Barnehagelærar
Bygland barnehage er ein toavdelingsbarnehage med om lag 25 barn, som ligg midt i Bygland sentrum. Turområde, bondegarder og fjorden er tett på, i tillegg til at vi har eit stort og nyopprusta uteområde. Vi jobbar systematisk med språk og språkstimulering, og er med i leseprosjektet READ Agder. Staben vår er dyktig og engasjert. No søker vi etter ein som vil vere med på laget og bidra til at barna opplever tryggleik, trivsel og meistring gjennom leik.
4741 Byglandsfjord
Referansenr.:4587207295
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.01.2023
Sluttdato: 07.07.2023
Søknadsfrist: 05.12.2022
Arbeidsoppgåver
- Dagleg omsorg for barn inne og ute
- Legge til rette for aktivitet og leik
- Støtte barn i sosialt samspel, og bygge fellesskap
- Samarbeide med føresette og tilsette
- Delta i pedagogisk utviklingsarbeid
- Bidra i planlegging av pedagogisk verksemd
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, barnehagelærar eller annan relevant bakgrunn.
Personlege eigenskapar
- Ein trygg vaksen
- Ein som er positiv og engasjert i barn
- Trivst med leik og aktivitet
- Stabil og påliteleg
- Fleksibel og samarbeidsviljug
- Sjølvstendig og ansvarsfull
Vi tilbyr
- Eit engasjert og kompetent fagmiljø
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Deltaking i kompetansehevinga Traumebevisst omsorg ved RVTS
- Givande og varierte arbeidsoppgåver
- Leik og læring
- Ein sektor i utvikling
- Lønn etter gjeldande tariff
Kontaktinformasjon
Hind Helene Harira, TenesteleiarArbeidsstad
Riksveg 9 8604741 Byglandsfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bygland KommuneReferansenr.:4587207295
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.01.2023
Sluttdato: 07.07.2023
Søknadsfrist: 05.12.2022
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.