Konsulent/Saksbehandlar, Pleie og Omsorg
Om eininga/avdelinga
Ein av våre dyktige medarbeidarar går av med pensjon, og vi søkjer hennar etterføljar. Stillinga har to arbeidsområder. Saksbehandling innafor pleie og omsorg i samarbeid med forvaltninga og systemansvar for sentrale IT-løysingar knytt opp mot Pleie og Omsorg.
Stillinga er 80 % fast og organisert i Pleie- og Omsorgstenestene.
Om stillinga
- Saksbehandling for Institusjon og Heimetenester
- Systemadministrator for definerte IT løysingar knytt opp mot PLO og Aukra Omsorgssenter
- Etablering av prosedyrar knytt til bruk av IT-løysingar
- Journalføring og arkiv
- Diverse lønsarbeid
- Fakturabehandling Visma
Arbeidsoppgåver
Saksbehandling utgjer om lag 50% av stillinga. Dei andre oppgåvene er ein del av det ansvar som høyrer inn under merkantil avdeling i Pleie og Omsorg. Avdelinga har eit team som arbeider saman og tek ansvar i fellesskap. Alle har sine kompetanseområde, men må òg kunne steppe inn på andre område ved behov.
Krav til søkar
- Relevant høgskule utdanning på bachelornivå.
- Saksbehandlarerfaring med kjennskap til lovgjevinga i helse og omsorg er ein fordel.
- Kunnskap om IT-løysingar Bazeport, Visma Digital Vaktbok/Ressursstyring, Visma Web, CosDoc, Dips
- Kunnskap om velferdsteknologi og velferdsteknologiske løysingar er ein fordel
- Kunnskap om bruken av Lean som verktøy for å utvikle og implementere felles prosessar og rutiner
- Fleksibel, strukturert og viser initiativ til utvikling og kompetanseheving
- Gode kommunikasjonsevne og personleg eignaheit vert vektlagt.
- Bruke nynorsk som målform.
Vi tilbyr
Ein spanande arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver
Gode utviklingsmulegheiter for rett person
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Om bedriften
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 11 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.