Veterinær - ledig vikariat med driftstilskot
Hyllestad kommune Hyllestad kommune
Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad, Fjaler, Solund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. mars
Hyllestad kommune har tre veterinærar som dekkar kommunane Hyllestad, Fjaler og Solund. Ein av veterinærane skal ha foreldrepermisjon i tida mars - september, og vi ser etter nokon som kan vikariere for henne i perioden (eller deler av perioden). Perioden kan verte forlenga med nokre månader i deltid, dette vil ein komme tilbake til om det vert aktuelt.
Området har hovudsakleg sau- og mjølkeproduksjon, inkludert inseminering, litt smådyr, hest og geit har vi òg. Arbeid i 3-delt vakt saman med dei to andre veterinærane. Det er etablert eit godt samarbeid mellom veterinærane og som vikar vil du få gode kollegaer å samarbeide med. Våren kan bli travel med lamming, i tillegg til andre veterinæroppgåver.
Kvalifikasjonar
- Krav om norsk veterinærautorisasjon
- Helst ha godkjent insemineringskurs (Geno)
- Du må ha eige føretak og disponere eigen bil og utstyr
- Du beherskar norsk munleg og skriftleg
Vi kan tilby
- Deltaking i 3-delt vakt
- Kommunalt driftstilskot, tilskot dagvakt kr 375 per time for virkedagar (kl. 08.00 - 16.00).
- Vakttilskot: Her følgjer vi Landbruksdirektoratets (vaktskjema) sine gjeldande satsar, vaktbelastning over 1/3 utløyser eit tilskot på 100 % av gjeldande timesats i vaktskjema.
- Kompensasjon for "Solund-dagar" kr 1.500 per tur (avgrensa til 40 turar per år).
- Godt samarbeid med fagleg kompetente kollegaer
- Hjelp til å finne bustad
- Eit rikt lag- og organisasjonsliv i alle dei tre kommunane
- Gode forhold for friluftsliv og naturopplevingar
Kontakt Hyllestad kommune ved HR-leiar Elin Garnes Solås, tlf. 577 89 504 eller landbrukssjef Johannes A. Folkestad tlf. 577 30 737 for nærare opplysningar.
Hyllestad kommune sitt landbrukskontor er del av eit vertskommunesamarbeid med Askvoll kommune.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2867870
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3463533_141661_nn