Sommarjobb Habiliteringstenesta
Bømlo kommune
Kyrkjevegen 1, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb Habiliteringstenesta
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du lyst på ein spanande og variert sommarjobb innafor helse og omsorg? Då er dette jobben for deg!
Me har behov for engasjerte ferievikarar i perioden 17.06.2024 - 18.08.2024 ved Habiliteringstenesta på Bømlo.
Sommarjobben inneber turnusarbeid dag, kveld, natt og helg. Me har mange ulike arbeidstidsordningar med utstrakt bruk av lange vakter opptil 12,5 timar.
Arbeidsoppgåver og litt om oss
Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gjev tilbod til personar med utviklingshemming og behov for omfattande og langvarige tenester. Me utgjer 126 årsverk som yt heldøgns tenester i 11 avdelingar.
Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene på ein av avdelingane våre i Habiliteringstenesta. Oppgåver vil vere blant anna å yta praktisk bistand og rettleiing i dei daglege gjeremåla, leggje til rette for god omsorg og utvikling for brukaren og andre praktiske oppgåver. Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Me vil gje deg introduksjon/opplæring.
Kvalifikasjonar
Me søkjer:
- Studentar i vernepleie/sjukepleie
- Andre med helsefaglig utdanning, eller elevar frå helsefag/barn og ungdom
- Ufaglærte med interesse for og kunnskap om miljøarbeid, pleie og omsorg.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Søkjarar utan erfaring vert og vurdert. Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Me tilbyr
- Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
- Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Bonus
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. Sommarvikarar er dei som har søkt sommarjobb, uavhengig om dei elles i året har små stillingar i tenestene våre.
Anna informasjon
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4.
For arbeid på institusjon og i omsorgstenester, samt legetenesta må du ha fylt 18 år.
- Søkjarar som kan jobbe heile perioden på 6 veker eller meir vil bli prioritert. Det som er spesielt viktig for oss er om du har høve til å jobbe i juli månad.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn...
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Søknader vert behandla fortløpande. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Frode, eller avdelingsleiarar Line, Øyvind, Hilde, Karina, Tone, Line og Annika.
Kontaktinformasjon
Frode Bratten, Verksemdsleiar, 900 12 842, frode.bratten@bomlo.kommune.noLine Skrede Habbestad, Avdelingsleiar, Aktivitetstunet, 948 10 927, line.skrede.habbestad@bomlo.kommune.no
Øyvind Marsteen, Avdelingsleiar, Askebærhaugen og Haugen, 926 66 868, oyvind.marsteen@bomlo.kommune.no
Hilde Mæland, Avdelingsleiar, Jensahaugen og Lambhusdalen, 950 25 220, hilde.maeland@bomlo.kommune.no
Karina Torkelsen Solli, Avdelingsleiar, Leirdalen og Risbudalen, 913 10 537, karina.torkelsen.solli@bomlo.kommune.no
Tone Linn Hovland Meling, Avdelingsleiar, Maribu og Slottet, 482 85 897, tone.linn.hovland.meling@bomlo.kommune.no
Line H. Stavland, Avdelingsleiar, Raunevarden og Håvik, 482 76 521, line.hovland@bomlo.kommune.no
Annika Rolfsnes Totland, Avdelingsleiar, Varhaug, 482 86 493, annika.rolfsnes.totland@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4758375472
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2024
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2542757
- Sist endret
1. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
037e6f3e750a48d891735aa942b784a3