Miljøterapeut - fast 100%
Jobbnorge ID: 173339
Om stillinga
Bergen Akuttsenter avdeling Kalfaret har ledig fast stilling som miljøterapeut i 100% stilling.
På grunn av kjønnsbalanse oppfordrar vi særleg menn om å søke.
Arbeidsoppgåver/ansvarsområde
Stillinga som miljøterapeut inneber at ein har hovudkontaktansvar for ungdom som bur ved avdelinga. Dette inneber at ein er delaktig i kartlegging av ungdomen, utarbeider retningslinjer og handlingsplanar i tråd med ungdomen sin fungering og eigen utvikling, familiesamarbeid og utforming av miljørapport. Miljøterapeutane arbeider tett saman i team med vegleiar. Som miljøterapeut skal du vere ein omsorgsperson, samt ei støtte til utvikling og endring for ungdomen. Miljøterapeutane er også vaktansvarleg ved avdelinga og inneber at ein har eit særleg ansvar for organisering, tilrettelegging, gjennomføring og evaluering av daglege oppgåver som tilfaller det enkelte vaktteam.
Kvalifikasjonskrav
For tilsetjing som miljøterapeut krev ein treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
Personlege eigenskapar
- Evne til å samarbeide, vere kreativ med stort engasjement.
- Like å vere med ungdom som er i ein vanskeleg situasjon.
- Ha evne til å knyte kontakt og skape relasjonar med ungdom.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1494 sosionom, 1495 barnevernpedagog, 1508 vernepleiar, 1489 miljøterapeut, lønsramme 15, alt 3 - 11, med løn frå p.t. kr 376 500 pr. år til p.t. kr 472 000 (ltr. 38-53). Ev. stillingskode 1534 i lønsramme 18, alt 3 - 11, med løn frå p.t. kr 402 600 pr. år til p.t. kr 479 600 pr. år (ltr. 43-54). For stillingskode 1534 krevst i tillegg relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng. Avløning og stillingskode vurderast etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige betingelsar, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Generelle opplysningar
- Bufetat ønsker å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og som utnyttar potensialet i befolkninga sine samla kompetansar. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. Bufetat jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nyansettelsar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV'en. Vi gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV'en kan bli brukt til registreringsformål.
- Stillinga er for tida lagt til Bergen akuttsenter
- Politiattest vil krevast ved tiltreding, jf. lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
- Vi gjør merksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25
Kontaktinformasjon
Solfrid Keilegavlen Aasen, avdelingsleiar, telefon: 46618802
Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit ev. intervju.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Bergen akuttsenter ivaretar akuttfunksjonen for ungdom 13-18 år i Hordaland og Sogn og Fjordane. Bergen akuttsenter avdeling Kalfaret har 6 plassar for ungdom plassert etter §4-6 jmf bv.l
Kvardagen i avdelingane er prega av hyppige nye inntak av ungdom i krise, store variasjonar i problematikk, bakgrunn, smerteutrykk, psykisk fungering og omsorgsbehov.