Lærar i grunnskulen
Herøy kommune, kultur og oppvekst
Lisjebøvegen 14, 6091 Fosnavåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar i grunnskulen
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. mars
Er du ein engasjert pedagog som vil bygge inkluderande elevmiljø? Då ønsker vi deg med på laget som lærar i Herøyskulen!
Grunnskulane har behov for nye lærarar frå 1. august 2025, både i faste stillingar og vikariat. Det kan verte behov for kontaktlærarar.
Vi driv eit aktivt og profesjonsfagleg utviklingsarbeid i skulane våre. Vi jobbar spesielt med å auke elevane sine ferdigheiter i lesing. Det gjer vi i tett samarbeid med barnehagane og deira arbeid med språk. I tillegg legg vi spesielt vekt på livsmeistring, inkluderande elevmiljø og tverrfagleg samhandling. Lokal strategiplan for Herøyskulen 2023–2028 ligg til grunn for arbeidet vårt.
Herøy kommune har per i dag fem reine barneskular (Bergsøy, Einedalen, Leikanger, Moltu, Nerlandsøy), ein rein ungdomsskule (Ytre Herøy ungdomsskule) og ein skule med 1.–10. trinn (Stokksund). Våren 2025 skal kommunestyret avgjere korleis skulestrukturen skal vere framover, dette kan påverke organisering og arbeidsstad. Som lærar hos oss vil du få høve til å forme framtida til våre barn og unge. Du blir ein del av eit støttande arbeidsmiljø der fagleg utvikling er høgt prioritert. Vi ser fram til søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- formidle og legge til rette for læring i trygge læringsmiljø
- bygge relasjonar til elevar og føresette
- samhandle og lære ilag med kollegaer
- samarbeide med heimane
- arbeide i tråd med den nye opplæringslova, læreplanar i fag og overordna del av læraplanane
Kvalifikasjonar
- godkjent lærarutdanning ved høgskule eller universitet (60 studiepoeng i pedagogikk og minst 180 studiepoeng i relevante undervisningsfag)
- ønskeleg: kompetanse i fleire undervisningsfag, i tråd med dei nasjonale kompetansekrava for undervisning
- fagleg dyktigheit både i undervisningsfag og i digitale verktøy
- god på relasjonsbygging og klasseleiing
- gjerne kompetanse i programmering og koding, og i basisfaga norsk, engelsk og/eller matematikk
- spesialpedagogikk eller psykisk helsepedagogikk
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- Du kan vise til gode eigenskapar for samarbeid og samhandling, og ser verdien av det.
- Du har evne til å arbeide tverrfagleg.
- Du er oppteken av å skape trivsel og eit godt arbeidsmiljø.
- Du er kreativ og utviklingsorientert.
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen og ansiennitet.
Vi tilbyr
- fagleg utvikling i profesjonsfellesskapet
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- god oppfølging av nye tilsette
- oppdaterte digitale verktøy til alle elevar og tilsette
- god pensjonsordning gjennom KLP
Vi tilset etter etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan bli offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, +47 97542422Arbeidsstad
Lisjebøvegen 146091 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4913504639
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 03.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Hilde Hestås
Avdelingsleiar grunnskule/PPT
+47 97542422
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2851839
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1224a0392bdd4750953d412b00431570