Lege i spesialisering
Org. nr: - Stillingsident: 4387366623 Presentasjon av stillingen:
Har du lyst til å bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på høg faglegheit?
Augeseksjonen ved Klinikk SNR, Molde sjukehus har ledig vikariat for Lege i spesialisering, 10 mnd. med moglegheit for forlenging.
Ved intern tilsetting, vil det bli ledig vikariat.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.
Les meir om Molde og Romsdal her
Arbeidsoppgåver
- Delta i vaktordning i seksjonen
- Ein vesentleg del av arbeidstida er poliklinisk arbeid, men også kirurgi i form av bl.a. okuloplastikk
Kvalifikasjonar
- Personlig eignaheit blir vektlagt
- Norsk autorisasjon som lege
- Meistre nordisk språk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- God evne til å samarbeide, men også jobbe sjølvstendig
- Trivast i eit hektisk miljø
- Bidra til en godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marina Elnes, Konst. seksjonsleiar, Marina.Elnes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Parkveien 84
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4387366623
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 26.07.2021
Søknadsfrist: 20.05.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal