Kapellan i Hardanger og Voss prosti med sokna i Voss som tenestestad
Presentasjon av stillinga:
Bjørgvin bispedøme har for tida ledig stilling som kapellan i Hardanger og Voss prosti med sokna i Voss som tenestestad. Dette er ei spennande og variert stilling med engasjerte medarbeidarar og gode kontorforhold i Voss kyrkjetun, eit steinkast frå Vangskyrkja. Kyrkja er ei praktfull middelalderkyrkje som er og har vore i aktiv bruk sidan 1277.
Som kapellan i Voss vil du arbeide i eit kreativt og utviklande miljø. Det er for tida fem sokn i fellesrådsområdet: Voss, Evanger, Oppheim, Vinje og Raundalen. Frå 2020 vil Granvin sokn vera ein del av Voss kyrkjelege fellesråd.
I staben er det mellom anna sokneprestar, diakonar, kyrkjemusikarar, kateke, kyrkjelydspedagog, kyrkjeverje og sekretærar. Kapellanen samarbeider med stab og friviljuge medarbeidarar om å utvikla soknet sin visjon og strategi. Prosten leier prestetenesta og kallar jamleg inn til konvent med fagleg fordjuping og åndeleg fornying.
Kyrkja er viktig for vossingane og mange kjem attende for å gifta seg og døypa borna sine. Dåpstal og konfirmasjonstal er høge, noko som seier litt om kva kyrkja tyder for bygdene.Voss sokn har utarbeid planar for trusopplæring, diakoni og kyrkjemusikk. Det er mange friviljuge medarbeidarar i kyrkjelydane. Sjå voss.kyrkja.no for meir informasjon arbeidet i kyrkjelydane.
KFUK-KFUM på Voss har eit stort arbeid med ein av Noregs største Ten Sing-grupper. Fleire tilsette i kyrkja har eit delengasjement i KFUK-KFUM. Det har også vore vanleg at ein prest er med her. På Voss er og ein aktiv indremisjon. Frelsesarmeen har eit godt arbeid, og fleire andre kyrkjesamfunn har funne sin plass i bygda.
Målforma er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei nyttar begge målformar.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane bed om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetjing. Den som vert tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest jf. politiregisterloven § 39). Søkjar må ha førarkort klasse B og bør disponere bil.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- Forrette gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan.
- Deltaking i konfirmantundervisning og anna barne- og ungdomsarbeid knytt til trusopplæringa. Kateketen leier konfirmantundervisninga. Det er om lag 140 konfirmantar.
- Tverrfagleg samarbeid. Kapellanen tek del i strategiske drøftingar.
- Det må påreknast noko møteverksemd.
- Stillinga inngår i gjeldande ordning for beredskap.
Utdanningsnivå
- Mastergrad i teologi og praktikum
- Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende
Personlege Eigenskapar
- Du ønskjer å byggje kyrkjelyd i lag med stab og råd.
- Du har lyst til å motivera og samarbeida med friviljuge slik at aktivitet og gode møteplassar vert skapte.
- Du er fleksibel og driv målretta arbeid.
- Du trivst i folkekyrkja og evner å finna språk og former som kommuniserer den kristne bodskapen i vår tid.
- Du trivst med barn og unge, og er glad i å formidla til desse.
Vi tilbyr
- Lønsgruppe 0922 kapellan
- Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
- Reiseutgifter godtgjordt etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjerdsler
- Arbeidsrettleiing
Kontaktinformasjon
Cathrine Waaler Halstensen, Personalsjef, ( 47) 996 25 480
Arild Hellesøy, prost, ( 47) 906 99 533
Arbeidsstad
Voss
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme
Ref. nr.:4027709711
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4027709711&company_id=260869015&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Hardanger og Voss prosti omfattar 10 kommunar og fellesrådsområder, og består av 27 sokn. Det er 15 prestar i prostiet, i tillegg til prosten som er leiar av prestetenesta.
Voss kommune er eit knutepunkt for trafikken mellom aust- og vestlandet. Det er om lag 14 500 innbyggjarar i kommunen og det er venta stor tilvekst i takt med samferdsleutbygginga mot Bergen. Voss har storslått natur for aktivitetar både sommar og vinter.
Voss er stolt tradisjonsforvaltar av norsk bonde- og bygdekultur, som framleis er halden i hevd. Kommunen har eit rikt kultur- og organisasjonsliv. Ein kan blant anna nemne Vossajazz, Ekstremspotveko, Voss Cup og folkemusikkfestivalen Osafestivalen, i tillegg til lokalt musikk- og idrettsliv.