Sakshandsamar med kreftkoordinatoransvar
Tildelingskontoret i Sogndal kommune har ledig ei 100% fast, ny, spanande, kombinert stilling!
Har du treårig helsefagleg utdanning og lyst å vere med på laget vårt?
Sakshandsamarar på tildelingskontoret skal sørgje for at innbyggjarane får riktige og naudsynte helse- og omsorgstenester. I stillinga ligg også kreftkoordinatoransvaret, som skal koordinere og finne gode løysingar i kvardagen for personar med kreftsjukdom og deira pårørande. Kreftkoordinator skal også samordne tilbod og tenester i kommunen og med spesialisthelsetenesta.
Er du oppteken av å bruke din faglege kompetanse innan kreftomsorg, koordinering, helserett og forvaltning? Då kan stilling som sakshandsamar med kreftkoordinatoransvar vere rett for deg!
Me søkjer etter ein dyktig og engasjert sakshandsamar, som vil vere med å bidra til vidareutvikling av framtidas helse- og omsorgstenester. Til trass for ei ung og veksande befolkning har også Sogndal kommune betydelege omstillingsbehov. Dette gir oss utfordringar knytt til korleis me leverer tenestene våre no og framover. Har du lyst å bidra inn i dette arbeidet?
Arbeidsoppgåver
Kreftkoordinatoransvar:
Vere eit bindeledd mellom heimen, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helsetenester og andre aktuelle samarbeidspartar
Koordinere og tilretteleggje kvardagen for kreftpasient og pårørande
Undervisning, råd og veiledning til helsepersonell
Støttesamtalar via telefon eller heimebesøk
Oppfølging av «pakkeforløp heim» for pasientar med kreft.
Bidra til å finne gode løysingar i heimen for å sikre tryggleik og kontinuitet slik at pasienten kan vere lengst mogleg heime
Sakshandsamaransvar:
Koordinering internt og eksternt med sjukehus og andre kommunale helse- og omsorgstenester
Gjennomføre kartlegging av søkjarar sitt hjelpebehov
Sakshandsaming innanfor gjeldande lovverk, retningslinjer og politiske føringar
Kvalifikasjonar
3-årig høgskuleutdanning innafor helse-/sosial, fortrinnsvis sjukepleiarutdanning.
Førarkort klasse B
Beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
Kjennskap til relevant lovverk, mellom anna pasient- og brukarrettslova, forvaltningslova og helse- og omsorgstenestelova
Ynskjeleg med erfaring innanfor kommunal forvaltning og saksarbeid
Ynskjeleg med kjennskap til elektroniske fagprogram, som til dømes Gerica
Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd
Personlege eigenskapar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Du er innovativ, fagleg sterk, robust, roleg og har stor arbeidskapasitet
Du utviser gode samarbeidsevner og likar tverrfagleg samarbeid
Du har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, men også vere kreativ og fleksibel når situasjonar tilseier det
Du har gode personlege evner og føresetnader i arbeid som sakshandsamar
Du er profesjonell og effektiv i ditt arbeid
Du har evne og vilje til å reflektere over eigen praksis
Du har evne til å jobbe sjølvstendig og ta avgjersler
Me tilbyr
Varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
Ein kommune i utvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønn etter tariff
Treningstilbod for tilsette
Det er pårekna noko reiseaktivitet i jobben, og det er difor krav om førarkort klasse B.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknader må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Kontaktperson: Åsa Stedje, tenesteleiar tildelingskontoret, tlf. 47905662. E-post asa.stedje@sogndal.kommune.no
Stillinga har i dag kontorstad i Fossetunet 2, Sogndal.
Link til søknadsskjema: Søk her