Pedagogisk leiar/barnehagelærar
Org. nr: - Stillingsident: 4373125236 Presentasjon av stillingen:
IVil du vere med å gje barna i Tysnes kommune ein innhaldsrik og meistringsfylt kvardag?
Tysnes kommune er me oppteken av at barnehagen er barna sin arena. Her får dei får leike, lære, oppleve meistring, møte tilsette som er gode på samspel og får vere ein del av eit fellesskap. Mottoet vårt er glade vaksne - glade barn!
Me har 4 barnehagar som samarbeider på tvers gjennom felles målsetjing og strategiar:
- Lunde barnehage: 60 plassar, to avdelingar
- Onarheim barnehage: 42 plassar, to avdelingar
- Stjernereiso barnehage: 96 plassar, fem avdelingar
- Vågsmarka barnehage: 42 plassar, to avdelingar
Me søkjer etter positive, motiverte og engasjerte medarbeidarar som kan vere med å utvikle barnehagane våre vidare. For tida har me ledig:
2 x stilling som barnehagelærar/ped.leiar i Stjernereiso barnehage
3 x stilling som barnehagelærar/ped.leiar i Lunde barnehage. To av desse er vikariat for barnehageåret 21/22
Fortrinnsrett for interne søkjarar vil bli teke omsyn til ved tilsetjing. Stillingar i andre barnehagar kan verte ledig dersom endringar internt.
Arbeidsoppgåver
- Leiing av barn og personal
- Rettleiing av personale
- Planleggja, gjennomføra og evaluera barnehagen sine aktivitetar
- Oppfølging av kommunen sine strategiplanar og fokusområde
- Nært samarbeid med styrar, kollegaer og foreldre
- Bidra til å skape endring og utvikling
- Aktiv deltakar i team og kollegasamarbeid
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærar/førskulelærar
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage
- Personar med annan relevant utdanning kan bli vurdert
- Meistre relevant dataverktøy
- Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- Den som vert tilsett må levera gyldig politiattest, jf. barnehageloven § 19
Personlege eigenskapar
- Evnar å ta barneperspektivet, legge til rette for, og deltar i barn sin leik og utvikling
- Viser fleksibilitet, kreativitet og stort løysingsfokus
- Har evne til å motivere og inspirere sine kollegaer
- Er sjølvstendig, strukturert og målretta
- Er positiv, engasjert og har gode samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 100 %
- Faglege utfordringar i eit spanande og positivt arbeidsmiljø
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Gode pensjonsordningar gjennom SPK
- Løn etter kommunalt regulativ
- Ein arbeidsplass som er IA-verksemd, og har gode rutinar for oppfølging
Kontaktinformasjon
Wenche Fagerbakk, Einingsleiar barnehagar, 957 48 374, wenche.fagerbakk@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Dalsvegen 7
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4373125236
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2021
Søknadsfrist: 09.05.2021
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.