35 år gammal katteentusiast søker assistentar til BPA-teneste.
Heimetenester Midt-Telemark, Midt-Telemark kommune
Gamleveg 46, 3802 Bø i Telemark, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
BPA
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Hei, eg er ei 35 år gammal kvinne som treng assistentar til dagleg hjelp.
Eg bur saman med fire flotte katter, er sosial, og glad i handarbeid. Eg har ei fantastisk familie som eg tilbringar mykje tid med. Utfordringane mine fører til varierende dagsform; på gode dagar kan eg dra på konsert eller til svømmehallen, medan eg på dårlege dagar kan vere sengeliggande. Dagane mine er prega av rutinar, og eg tilbringar mesteparten av tida heime. Eg håper mine nye assistentar vil hjelpe meg med å kome meg meir ut.
Arbeidsoppgåver
- Støtte og hjelp til daglege gjeremål, for eksempel personleg hygiene, forflytning og matlaging.
- Vere med ut å farte, køyre meg til avtaler, og liknande
- Praktisk bistand i heimen
Kvalifikasjonar
- Ingen fagleg kompetanse er nødvendig då opplæring vil bli gjeven.
- Søker må kunne grunnleggande norsk og engelsk
- Søker må ha ein viss fysisk styrke. (Må ha kapasitet til å løfte rullestolen min inn og ut av bil.)
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B og at man er ein dyktig sjåfør.
Personlege eigenskapar
- Påliteleg
- Strukturert
- Sosial
- Punktleg
- Trygg med dyr
- Respektfull
Personeleg eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302Arbeidsstad
Gamleveg 463802 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4862872451
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2024
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2777789
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bc8ee4444cbe4c2fac987d85d51123c4