Vernepleiarar Lundhaugen Omsorgsbustad
Voss herad Lundhaugen omsorgsbustader
Ringheimsvegen 23, 5704 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiarar i turnus med langvakter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.
Om arbeidsstadenI Lundhaugen Omsorgsbustad bur det 12 mennesker med nedsett funksjonsevne som har behov for tenester
Alle bur i eigne leiligheiter med tilgang til fellesrom og det er døgnbemanna
Turnus med langvakter, 14 timar, arbeid kvar 4. helg eller ordinære vakter med arbeid kvar 3.helg
Deler av stillingane inneber arbeid i heimetenesta sone vest i kvardagar
Arbeidsoppgåver
- Bistå bebuar i dagliglivets gjeremål og medverke til at den enkelte tar i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjøvstendigheit
- Bidra til faglig utvikling og godt arbeidsmiljø i virksomheita
- Dokumentering i pasientjournalprogrammet Gerica, det vil bli gitt opplæring
- Kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande
- Andre oppgåver kan verta lagt til stillinga
- Som tilsatt skal du være med å bidra til at personalgruppa yter heilheitleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod til menneske som har ein åtferd som utfordrar
Kvalifikasjonar:
- Bachelor i vernepleie
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftlig
- Kan arbeide systematisk og målretta
- Har gode faglige kunnskapar og kjennskap til relevant lovverk
- Tverrfagleg komptanse
- Relasjonskompetanse
- Rettleiingskompetanse
- Førarkort klasse B
- Fordel med erfaring i målretta arbeid ved åtferdsutfordringar
- Har stort engasjement for målretta arbeid i relasjoner til menneske som har åtferdsutfordringar
- Er ein trygg og leiken vaksen som kan stå i utfordrande situasjonar
- Har gode samarbeidsevner og er positiv til endringar
- Bidrar til eit opent og positivt arbeidsmiljø
Personelg eigenskapar vil verta vektlagt
Oppmodar menn til å søkja
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.
Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk
ellertakast med ved evnt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg
søkjarliste.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790287
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3425297_213073_nn