COOP MARKED VASSENDEN søkjer tilkallingshjelp
Coop Marked Vassenden
Vassenden
Om jobben
Stillingstittel
Butikkmedarbeider
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi på Coop Marked Vassenden treng fleire smilande og serviceinnstilte kollegaer. Vi søkjer tilkallingshjelp som har høve til å stille på kort varsel ved uventa fråvær i butikken, eller når vi har ekstra behov i høgsesongar og under ferieavvikling. Arbeidstid og mengde vil variere. Det kan være både dagvakter, kveldstid og på laurdagar. Du må ha fylt 18 år og kunne snakke, skrive og lese norsk.
Arbeidsoppgåver- Kundebehandling
- Varemottak /vareplassering
- Kasse, tipping og post
- Førefallande reinhald og rydding
**Våre forventningar til deg:**Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og er ein lagspelar som er god på kommunikasjon og samarbeid. Du må ha "stå-på vilje" og klare å arbeide i høgt tempo. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.
Hos oss får duvarierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.
Spørsmål om stillinga kan rettes til butikksjef Janice Wood Ritchie på tlf. 907 89 803.
Søknad og CV registrerast digitalt på www.deibestefolka.no
Søknadsfrist: 31. mai 2024Om bedriften
Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 179 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.
Sektor
Privat