Sjukepleiar, 80 % stilling, vikariat
Hatlane omsorgssenter
Bernemarka 6, 6016 Ålesund
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Org. nr: - Stillingsident: 4389793455 Presentasjon av stillingen:
3. etasje på Hatlane omsorgssenter er ei somatisk langtidsavdeling med 20 pasientar. Omsorgssenteret ligg sentralt til på Hatlane med nydeleg utsikt over fjorden, det er eit nyare bygg, flott dekorert både innvendig og utvendig. Vi er opptatt av å levere tenester med høg fagleg kvalitet. Det er difor nødvendeg for oss å ha medarbeidarar som er fagleg engasjerte, opptatt av å gjere ein forskjell for pasientane våre, og som ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og veiledning av pasientar og pårørande i avdelinga slik at dei opplev tryggheit og heilheitlege, koordinerte og forutsigbare tenester.
- I stillinga ligg primæransvar for 3-4 pasientar i bogruppa saman med en primærhjelpepleiar.
- Planlegge, prioritere og gje sjukepleie til pasientar.
- Følge opp og gje veiledning til elevar, studentar og ufaglærde.
- Sørge for at tenesta følger lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis.
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i fagleg utviklingsarbeid.
- Aktivt bidra til eit godt arbeidsmiljø, helsefremmande og ein inkluderande arbeidsplass.
- Stillinga går i turnus (for tida dag/kveld),med arbeid kvar tredje helg.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar. Oppgje HPR nr i søknad.
- Beherske dei vanlegaste IKT-verktøy (Visma Profil,Kvalitetssystem, GAT eller tilsvarande).
- Dokumentert norskkompetanse, norskprøve 3/B1.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Gyldig politiattest må framvisast ved tilsetting, denne leggjast ikkje ved søknad.
- Ønskeleg med relevant vidareutdanning eller relevant praksis, men ikkje eit krav.
- Personleg eignaheit vektleggast høgt.
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer at du er strukturert, positiv, løysings- og utviklingsorientert.
- Du må like å arbeide sjølvstendig, men samtidig sjå viktigheita av teamarbeid rundt brukarane.
- Vi vektlegg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Stor arbeidskapasitet og evne til å ta ansvar, vere fleksibel og endringsvilleg.
- Stor motivasjon for å arbeide med paseintar som har demens.
- Du må trivast med varierte utfordringar og gje pasientane omsorg av høg kvalitet.
- Evne til å engasjere og motivere kollegar og ivareta eit godt arbeidsmiljø.
- Vere ein god rollemodell for andre.
- Personleg eignaheit til stillinga vil vektleggast ved ansetting.
Vi tilbyr
- Eit godt faglig miljø med engasjerte medarbeidarar.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med høgt fagleg fokus.
- Løn og arbeidsvilkår etter tariff.
Kontaktinformasjon
Katrine Knibe Hanssen, Avdelingsleiar, 70 16 33 20
Arbeidsstad
Bernemarka 6
6016 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4389793455
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.06.2021
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1630116
- Sist endret
6. juni 2021
- Hentet fra
webcruiter
- Referanse
4389793455_Hatlane omsorgssenter_webcruiter